Ein regional dugnad er skipa for å reinske opp i alle vatn og vassdrag i Valdres.
Aksjonen er ein del av Hold Norge rent - og har fått namnet «Aksjon AQUA – Reine vatn i Valdres»
Hovudtrykket av rydding lyt skje no før vatnet stig. Dette har til dømes FK Vang lang tradisjon for å gjera i Vang og klubben har allereie gjett dei ulike aldersbestemte laga ansvaret for kvar sine strekningar langs Vangsmjøse og Nørsvinsfjorden.
Ryddedag og ryddeveke
Gjennom denne aksjonen og særleg «Strandryddeveka» 28. april - 5. mai og «Strandryddedagen» 4. mai er målet at også vi andre skal ta ei skikkeleg tak.
- Start med nærområdet og når det er kontroll der så ta ein jordekant eller eit strekke langs bekken eller elva det er naturleg for deg å rydde, seier Torkjell Haugen som koordinerer aksjonen via Valdres friluftsråd.
Også Valdres Kommunale Renovasjon og Naturvernforbundet i Valdres er samarbeidspartnarar for aksjonen.
– Før og etter Strandryddedagen oppmodar vi folk til å nominere/registrere ekstra forsøpla og utfordrande stader på www.ryddeportalen.no , og ut i fra registreringane vil vi arrangere godt organiserte ryddeaksjonar med forsterket mannskap og utstyr så langt midlane rekk utover mai og juni, lovar Haugen.
Det er nyleg opprettet ei facebook-gruppe for denne aksjonen :
– Bli med i gruppa og skap engasjement!
Ryddemateriell som hansker, vester og søppelposer kan hentes ut på følgende steder i Vang under Strandryddeveka:
- Øye Bygg og bo
- Frivillighetssentralen/biblioteket i Vang
- Joker Ryfoss
- Coop Prix Fjellvang, under Coop rydder Norge
Søppel som ein har samla kan leverast på avfallsplassen på Synshagen, eller på merka container ved Coop Prix Fjellvang.