- Det er eigentleg ganske tilfeldig at eg endte opp akkurat her. Eg såg ei annonse for jobb i Fredheim barnehage, og tenkte at eg ikkje hadde noko å tape på å søkje, ler Sara Strøm Stasviken (22).
Og det kan sjå ut som ho fekk rett! No er Sara fast ansatt som pedagogisk leiar i barnehagen og har landa stødig på solsidens beste sørkant - Åsvang eldorado.
- Enn så lenge trivst eg uturleg godt, eg har jo ikke budd her så lenge endå, men det lover veldig godt. Eg trivst godt i jobben, og synes naturen her er veldig vakker, seier Strøm Stasviken.
Frå ei fjellbygd til ein anna
Sara har dei siste åra budd og studert i Trondheim, men opprinneleg er ho frå fjellbygda Vågå. Ja, faktisk vår nærmaste nabo, rett over dalen her.
- Til å bu så nærme kvarandre, kan eg overraskande lite om Vang, eg hadde faktisk ikkje vore her før eg flytta hit for nokre veker sidan, ler Strøm Stasviken.
- Men eg gler meg veldig til å utforske bygda nærmare. Me har jo fjell i Vågå og, men det er gøy å få boltre seg i ukjent natur og oppleve noko nytt, smiler ho.
Ho fortel at ho er særdeles glad i å gå på langrenn og randonee, og at ho ser fram til at vinteren gjer sitt innrykk, og kvitlegg alle bygdefjell i Vang.
- Eg har skjønt at det er mange fine turar i nærområdet og kort veg til god utsikt. Så, er eg heldig og har milevis med løypenett rett utanfor leilegheiten min, og det er jo stas, seier ho.
- Berre fordeler med å flytte hit
I utgangspunktet har Sara lenge vore fast bestemt på å flytte attende til Vågå, og busette seg der. Men fristelsen til å stikke foten over kommunagrensa ei lita stund, var forlokkande.
- Dette er jo min fyrste jobb etter studiet, så det er jo litt ekstra spennande. Også det er jo litt fint å få oppleve ein anna plass og eit anna miljø. Eg likar litt tanken på å starte med heilt blanke ark, smiler ho.
- I tillegg får eg jo masse erfaring eg kan ta med meg vidare, og bli kjent med nye folk her i bygda. Eg tenkjer det er berre fordeler med å flytte hit, seier Strøm Stasviken.
No gler Sara seg til å komme skikkeleg på plass, både på jobb og i bygda. Og om heimlengselen skulle bli for stor, så er det heldigvis kort veg heimatt.
- Det blir nokre helgeturar heim, ja. Det er veldig koselig no som eg bur så nærme, smiler ho.
Mon tru om ein Vågåværing kan bli ein Vangsgjelding? Det vil tiden vise! Uansett - stort og varmt velkomen til Sara!