I heile april har smykkeutstillinga ARV vore utstilt i Høre stavkyrkje. Det er smykkedesigner Reidun Breistig som har hatt æra av å stille ut sine unike smykker denne månaden. Målet hennes med utstillinga er å få folk til å reflektere over kven vi er, kva som er av verdi og kva me vil gje vidare. Tradisjonelt er smykker gjenstandar som går i arv og nyttast som dei er. Stadig fleire ynskjer å omskapa arvegods og få sett sitt eige uttrykk ved å få omarbeida smykker.
I Reidun sin smykkekunst vil ein sjå aspekter i arv fra ulike sider, også med eit skrått blikk. I utstillinga er det omslag 70 ulike smykker som alle er ramma inn i forskjellige rammer, for å setja sitt visuelle preg på utstillinga.
Denne helga er altså siste sjanse til å få med seg smykkekunsten til Breistig i Høre stavkyrkje. Søndag 30. april er utstillinga ope frå 11.00 til 15.00. Klokken 13.00 er det vanleg messe i kyrkja, som er ope for alle.
Velkommen til siste dag med smykkekunst i Høre!