- Det er kjempegøy å få lov til å bidra med å sy kostymer til Valdresspelet. Ekstra stas er det å få lov til å dypdykke ned i vikingtida, og la oss inspirere av deira plagg, smiler Aud Kvale.
For sidan februar har nemleg denne buketten målt, klippet, sydd og designet kostymer til spelet om Gyda på Kvie, som skal settes opp i Gardalen denne sommaren. På Haukåsen har dei hatt base, medan dei har sydd alle plagg heime.
- Me er ferdige med mesteparten av det som skal syes, det er kun nokre plagg att no. Også blir det jo ein del tilpassing når dei ulike skuespillerne skal prøve kostymene. Det blir veldig spennande å sjå dei bruke det me har sydd, smiler Berit Vidme.
Mykje av stoffet dei har brukt har dei fått av Gudbrandsdalen Uldvarefabrikk, medan mykje har dei sjølv henta inn frå Kjolebutikken på Lena.
- Det er jo mange forskjellige roller, og mange skal forskjellige type kleder, difor har det vore viktig å hente inn eit godt og bredt utval. Eg trur me syr kostymer til mellom 40 og 50 personar, seier Sølvi Havro.
- Sjølv om me har litt arbeid igjen, så gler me oss veldig til å sjå spelet, Dronningemne i sumar, seier dei blide syerskene.
Mange engasjerte har bidratt
Medan skuespillerne øver replikker til den store gullmedalje, er det mange engasjerte bak i kulissene som bidrar for at Gardalen skal skinne frå sin beste side 31. august - 1. september.
- I tillegg til oss som har sydd kostymer har Strikkekafeen på Haukåsen bidratt med å strikke sokkar til skuespillerne, og Ung Husflid har flettet belter til koftene, smiler Havro.
- Karene i Thorpe Grendehus har vore veldig behjelpelige og laga krakker til årets oppsetning, det sett vi kjempestor pris på, legg Kvale til.
- Et spel som knytter Valdres sammen
Manusforfatter Ragnhild Lund kan forsikre om at forberedelsene med skodespelarar, manus og statistar er godt i gang.
- Det er både etablerte skuespillere og lokale helter på scenen, røper Lund.
Ho er derimot meir sparsommelig med å fortelje kven dei er, men ho lovar at publikum ikkje vil bli skuffa.
Det er mykje på agendaen framover; manuset skal forkortes og skrives om til både nynorsk og norrønt, kostymer skal prøves, kontrakter skal skrives og ikkje minst skal det øves!
- Med andre ord, er det ein veldig spennande prosess me er inne i no, det er berre å glede seg til spel, smiler Lund.
- Det viktigste av alt er at vi får et spel som knytter Valdres sammen og gjør at vi kan være stolte av vår historie. Her ble Norge til. Det er noe vi burde feire, seier ho.
Lund fortel at kunst skal skape litt debatt. I alle fall nye tanker.
- Eg håper at med dette stykket vil vi kunne stille spørsmålstegn ved vår arv og kanskje gjøre oss opp noen nye tanker. Samtidig som vi skal få publikum til å le, og kanskje til og med felle en liten tåre, smiler manusforfattaren.