Det er etterlengta å nok ein gong kunne samle seg for å feire nasjonaldagen, med flagget til topps, finstasen på og favorittgjengen samla rundt bordet. Det er duka for ein av dei mest hektiske, men trivelege dagane i året!
For, hugser me no korleis dette slipset skulle knytast? Kven heiser flagget og kor i alle dager er desse fordømte vonde bunaddskoa? Strømpebuksa revnar, kremen blir smør og bukselinningen er blitt for stram. Vel, det er tradisjon det og. Det er berre å omfavne etter beste vis og ynskje nasjonaldagen varmt velkomen etter to lange koronaår!
Slik er programmet for feiringa i heile Vang:
- Kl. 09.00 - Dagen startar som vanleg, tradisjon tro, med Fjellblom musikklag som spelar medan flagget blir heist ved Heensåsen kyrkje.
- Kl. 10.30 - Festgudstjeneste i Vang kyrkje med sokneprest Laugaland og organist Bydvytis. Høre mannskor deltek.
- Kl. 11.15 - Organisering/ oppstilling av 17.mai-tog på P-plass framfor Vang kommunehus.
- Kl. 11.30 - Tog frå Vang kommunehus - sørover E16 forbi Vangsheimen - VBU. Korpsmusikk og tale ved ordføraren før avgang. Avslutning ved VBU.
Vang
Klokken 13.00-15.30
Servering av kaker og kaffi. 17.mai-leikar og trekning av gevinst på inngangsbillett.
Inngang: Vaksne kr 50, barn gratis.
Sal av pølser, is og brus ute.
Åsvang
Klokken 13.00
Fjellblom musikklag spelar. Feiring med 17.mai-tale, traktering, underhaldning, uteleikar, sal av is og brus.
Inngang vaksen 120 kr (vipps eller kontakt), barn under 16 år gratis.
Høre
Klokken 13.30
Sal av lapskaus, pølser, kaffi og kaker. Underhaldning. Uteleikar med premiering til barna. Trekning av gevinst på inngangsbilletten.
Inngang vaksen 100 kr, barn under 16 år gratis.
Tur til flagget på Raudberg frå 13.-16. mai.
17. mai-komitèane, Vang kommune og Kyrkja i Vang ønskjer alle ein fin 17. mai!