D1FF2877 FDCA 4468 9FE9 6C8C28D87E52
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Slik blir årets 17. mai-feiring i Vang!

Slik blir årets 17. mai-feiring i Vang!

16. mai 2024
Hipp hurra! Nok ein gong står nasjonaldagen for tur og her finn du komplett program for årets 17. mai feiring i Vang!


09.00 Fjellblom Musikklag spelar under flaggheising ved Heensåsen kyrkje.
10.30 Festgudsteneste i Vang kyrkje ved sokneprest Laugaland. Høre Mannskor deltek.
11.15 Oppstilling av 17. mai-tog framfor Vangsheimen på E16 (med retning mot VBU).
11.30 Tale for dagen av ordførar ved Vangsheimen. Korpsmusikk. Tog frå Vangsheimen – E16 til  VBU. Avslutning ved VBU med korpsmusikk. Vang skule- og ungdomskorps har sal av pølser, is og brus ved VBU.

Vang
Kl. 13.00-15.30 Servering av kaker og kaffi. Underhaldning. 17. mai-leikar og trekning av gevinst på inngangsbilletten. Inngang: Vaksne kr 50, (Vipps el. kontant) barn gratis
Sal av pølser, is og brus. 

Åsvang
Kl. 13.00 Fjellblom Musikklag spelar. Servering av varmrett, pølser, kaffi og kaker. Underhaldning, uteleikar, sal av is og brus. Inngang: Vaksne kr. 160,- (vipps el. kontant), barn under 16 år gratis.

Høre 
Kl. 13.30 Servering av varm mat, pølser, kaffi og kaker. Sal av is og brus. Underhaldning. Uteleikar med premiering til barna. Trekning av gevinst på inngangsbilletten. Inngang: Vaksne kr 150,- (vipps el. kontant), barn under 16 år gratis. Tur til flagget på Raudberg frå 13.-16. mai.