23CEAF33 F5F6 4C39 B407 9FF5269533BA
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Slår ring om Sara´s kafé i Ryfoss

Slår ring om Sara´s kafé i Ryfoss

24. mai 2022
Ein handfull engasjerte vener slår ring om Sara´s kafé i Ryfoss sentrum. No arrangerer dei loppemarked for at Sara og familien skal kunne oppfylle draumen om ny og større kafé.

- Det starta med eit stort ynskje om å hjelpe Sara med kaféen. Det er ein utruleg flott møteplass for heile bygda vår og det hadde vore veldig stusseleg om den skulle forsvinne, seier Nils Grøv. 

Han og eit knippe andre engasjerte ildsjeler i lokalsamfunnet har troppet sammen til ei arbeidsgruppe, som no ynskjer å bistå Sara på veg mot draumen om ny kafé.

Den 4. juni 11-16 arrangerast det difor loppemarked i lokalene til den tidlegare Joker butikken, der all inntekt i sin heilhet går til Sara og kafeen. 

- Me vil så gjerne at Sara skal lykkast her i Ryfoss og at ho skal få moglegheiten til å få ein større og betre kafé. Med loppemarkedet håper me å kunne hjelpe til på vegen mot denne draumen, seier Inger Hovengen. 

 

Viktig for lokalsamfunnet 

Då Sara starta opp i 2014 hadde ho nok aldri sett for seg at responsen skulle bli slik. Fra å fyrst selje mat gjennom døra, til å etablerer seg og faktisk kunne opne dørane inn til kaféen.  

Heile lokalsamfunnet har slått ring om den lille, men særdeles trivelege møteplassen i sentrum. Ein bataljon av stamkunder og ein ivrig heiagjeng. Ja - til og med dronning Sonja er vorte fast kunde hjå Sara!

- Det er klart at Sara og kaféen hennar er viktig for lokalsamfunnet. Å ha ein kafé i Ryfoss gjer jo sentrum meir livlig. Samstundes gjer det og ringvirkninger til alle andre bedrifter her i Ryfoss. Me hjelper jo kvarandre her, smiler Iren Vengel Remmen, driver av Mormor´s skatter.  

- Sara har ein utruleg stor stå-på vilje og har arbeida hardt for å få til det ho har i dag. Ho er ein stor og viktig  del av lokalsamfunnet, smiler Margrete Fagerheim, driver av Ryfoss Treningssenter. 

Kafédrivaren sjølv, Sara Siwar er over seg av takknemlegheit og er rørt over kva venene og lokalsamfunnet får til. 

- Eg er utruleg takknemleg og glad for det dei får til og gjer for meg. Dei får meg til å føle meg verdsatt og eg kjenner på at eg ikkje er åleine, smiler Siwar. 

- At dei har ordnet i stand dette for meg gjer meg nesten mållaus. Det er ein utruleg fin gjeng og eg sett så pris på dette og alle kundene mine, legg ho til. 

 

Tek imot lopper til markedet 

I tida fram til loppemarkedet den 4. juni skal det samlast inn lopper av forskjellige slag. Desse kan enten leverast inn til Sara´s kafé i opningstida, eller du kan kontakte Iren eller Inger. 

- Dette må jo vera ein perfekt anledning til å rydde på loftet! Me tek imot mykje forskjellig, så her er det berre å rydde skuffer og skap, og levere inn, ler Hovengen. 

Ho forteljer at dei tek i mot det aller meste, blant anna pyntegjenstander, leiker, service, mindre møbler og mykje meir.

- Dessverre kan me ikkje ta i mot klær, sko, bøker, elektriske artikler og større møbler. Me håper og at det som blir levert er i god stand og rengjort før levering, smiler Vengel Remmen.

Hittil har det vore god giverglede blant lokalbefolkningen, men endå er det plass til fleire lopper. Desse kan leverast heilt fram til dagen før loppemarkedet. 

- Me har møtt mykje positivitet, både i form av lopper til markedet, men og mykje flotte tilbakemeldinger på arrangementet, seier Hovengen.

 - No gler me oss til loppemarkedet og håper det blir ein fest av ein dag, smiler Grøv.