Legg att forespørsel her så får du tilbod frå 1-3 relevante, lokale og dyktige tilbydarar i løpet av to veker.
– Dette er tida for å leggje inn bestilling på smått og stort på hytta og eg håper flest mogleg blir med på denne kampanjen for å sikre arbeid til dei lokale fagfolka i Vang, fortel Øystein Vangsnes.
Han er hytte-eigaren som drog i gang ein innsamlingsaksjon til lokale butikkar i påska og han ynskjer som mange andre fritidsbrukarar av Vang å bidra til utvikling av både området og lokale bedrifter.
Registrer oppdraget her
- Dette er ein klassisk vinn-vinn-situasjon der vi både kan få fiksa det vi har tenkt på i lang tid og sikre at bedriftene vi er avhengige av som hytte-eigarar overlev denne krisa!
Eksempel på oppdrag
- Skifte ut dører og vindauge
- Rehabilitere torvtak
- Måling og beising
- Trefelling og skogrydding
- Generelt vedlikehald
- Ved for neste vinter
- Innreiing og interiør
- Plassbygd kjøkken
- Grusing og helle-legging
- Platting
Nybygg og renovering
For større byggjeprosjekt oppfordrar vi til å gå i direkte kontakt med eit eller fleire av handverksbedriftane i Vang.
Fullstendig oversikt over bedrifter i Vang finn du her.
- Sjekk også ut handelskampanjen Vang byggjer Vang.
Spel oss gode
Om du har innspel, idear, spørsmål eller annat på hjartet - ikkje nøl med å kontakte næringsutviklar Dag Inge Bruflot (daginge@vangivaldres.no) eller dagleg leiar Hallgrim Børhus Rogn (hallgrim@vangivaldres.no) i Innovangsjon. Denne kampanjen er dratt i gang av Vangnsnes i tett samarbeid med oss i Innovangsjon SA.
Innovangsjon SA står bak nettsida vangivaldres.no. Vi arbeidar med næringsutvikling, møteplassar, bustader og blest etter visjonen Vang byggjer Vang.