- Det er stor stas å endeleg få lov til å arrangere Vinjerock, etter to år med stillstand. Sjølve festivalen er jo betalinga for all innsatsen me alle legger ned og me gler uss stort til torsdag, smiler festivalsjef Sigrid Skjerdal.
Det er under eitt døgn til Vinjerock 2022 sparkast i gong på Eidsbugarden. Området kryr av arbeidsvillige, positive og dyktige frivillige og gode hjelparar i kvar ein krik og krok.
For kvar time tek festivalområdet meir og meir form, og om litt skal tre tusen fjellglade festfolk møtast for å kose seg her oppe i Jotunheimen!
- Akkurat no er det litt absurd å tenkje på at om berre nokre få timar så er Vinjerock 2022 i gong. Det blir særs triveleg å få ta imot publikum i fjellheimen, seier Skjerdal.
- Fantastisk dyktige frivillige!
For å rigge ein så stor festival som Vinjerock, treng ein mange ildsjeler med på laget. Kvart einaste år har festivalen omlag 700 frivillige på fordelt ulike arbeidsområder.
- Me har med uss ein fantastisk flink gjeng med frivillige i år, det er så mykje positivitet og stå på - vilje i denne gjengen, at eg nesten blir litt rørt når eg ser utover området her no, seier Skjerdal.
Ho fortel at mange av dei som er frivillige i år er her for aller fyrste gong, medan mange har vore med i fleire år, og nærmast er å rekne som veteraner.
- Eg trur folk veks på å vera med som frivillig på Vinjerock. Her treng ein ikkje kunne alt, det einaste ein må ha er lærevilje og positivitet. Folk lærer nye ting heile tida her, smiler ho.
Akkurat denne festivalen er litt ekstra spesiell for Sigrid. Dette er nemleg både fyrste og siste gong ho er festivalsjef for Vinjerock.
- No tenkjer eg ikkje så mykje på det. Eg gler meg stort over å få lov til å arrangere i år og eg nyt at me no skal laga ein fantastisk oppleving her i fjellet, seier Skjerdal.
- Så blir eg jo ikkje borte for alltid, eg skal attende til Eidsbugarden og Vinjerock, og nyte mange fleire festivalstunder her oppe, smiler ho.
- Er veldig spent på årets festival
To av dei 700 dyktige frivillige på Vinjerock i desse dager er Herman Nordby Myrheim og Gunhild Lysklætt, og dei har kanskje, utan å overdrive, tidenes mest positive jobb!
- Me jobber i solskinnspatruljen. Enkelt sagt er det frivillig for dei frivillige, men passer på at dei andre frivillige som arbeider her har det bra. Kanskje treng dei solkrem? Kaffi? Eller ein bamsemums? Ja, då er det me som ordner, smiler Nordby Myrheim.
- Det er ein utruleg artig og positiv jobb. Me får gjere mykje forskjellig, og kanskje det beste av alt er at våre vakter er over, når festivalen byrjer! Det betyr at me får med uss alt det morosame som skal skje dei neste dagane, seier Lysklætt.
Og ikkje berre gler dei seg til solskinnsarbeidet, dei er også særs spent på årets festival!
- Ingen av oss har vore på Vinjerock tidlegare, så me gler oss veldig til å endeleg få oppleve det. Eg trur det blir heilt kanon, seier Norby Myrheim.
- Eg meldte meg på rett før korona kom, og har venta i spenning sidan den gong. Det blir kjempekjekt å endeleg får oppleve Vinjerock, smiler Lysklætt.