- Dette er noko eg har hatt lyst til å gjennomføre lenge, og eg synes det er utruleg stas å ha med Sølvi på laget. At me kan ha auksjonen på Haukåsen trur eg vil bli heilt suverent, seier ein engasjert Iren Vengel Remmen.
Og på godt gamaldags vis skal det altså laurdag 20. august 12.00-17.00 arrangerast auksjon og loppemarked på Haukåsen. Her vil kvar og ein artikkel på høgtideleg vis gå på budrunde, og kven andre enn Helge Lajord kan vel faktisk vera auksjonarius denne dagen?
- Planen er at me stiller ut alt til auksjonen på verandaen, slik at alle kan titte på artiklene før budrunden går. Noko vil me nok måtte setje ein minstepris på, men det er likevel gode moglegheiter for heite kupp denne dagen, smiler Sølvi Havro.
Måtte bli Barnekreftforeningen Innlandet
Iren fortel at ho ofte får både idear og tankar som dett ned i hovudet hennar, og denne auksjonen er atter ein god ide, som på underfundig vis berre kom til ho.
- Eg pleier å sei at det slik det blir, er slik det skal vera. Og det gjeld nok også i dette tilfellet. Difor er det veldig fint å ha med Sølvi, for eg treng nok ofte nokon som dreg meg litt ned, smiler Vengel Remmen.
- Og eg treng nokon som dreg meg opp, så då er me ein god kombo, ler Havro.
Sjølv om ideen nærmast kom av seg sjølv, så er ikkje formålet tatt ut frå løse lufta. Det er langt ifrå tilfeldigheter som gjer at inntekten frå auksjonen går til Barnekreftforeningen Innlandet.
- Dei aller fleste er berørt av kreft på eitt eller anna vis, anten ein har hatt det sjølv eller har nokon i nære relasjoner som har hatt det. Kreft er veldig nært oss alle, og er vondt på alle vis, seier Vengel Remmen.
- For barna som står oppi dette er det ekstremt tøft, og det å kunne bidra til håp og glede i ein veldig vanskelig tid, er utruleg fint å tenke på. Lysglimt i kvardagen er viktig. Difor veljer me å gi alle pengene me får inn denne dagen til Barnekreftforeningen Innlandet, det føles som eit veldig riktig val, smiler ho.
Iren fortel at ho ofte ber folk donere penger til Barnekreftforeningen i gjenbruksbutikken sin, Mormors Skatter.
- Titt og ofte får eg spørsmål om kva varene kostar. Nokre gonger seier eg at dei berre kan ta det med seg, og då blir folk heilt paffe og seier at dei sjølvsagt skal betale. Då viser eg dei vippsnummeret til Barnekreftforeningen og seier at dei heller kan betale dit. Så, Barnekreftforeningen er viktig, smiler Vengel Remmen.
Folkefest, auksjon og marked
Det blir intet annet enn ein stor folkefest på Haukåsen denne augustdagen. Ordførar Vidar Eltun kjem for å opne auksjonen og sei nokre velvalde ord. Helge Lajord skal auksjonere i hytt og gevær. Og Sølvi held kiosken ope med lapper, kaffe og enkle varer.
- Barnekreftforeningen Innlandet kjem med lykkehjul og ulike gevinster til barna, i tillegg blir det litt diverse aktiviteter for dei minste, seier Vengel Remmen.
- Så er det ope for at folk som selger ulike varer kan få eigen stand denne dagen. Strikker du noko, lagar flotte bileter eller kva som helst anna, er du hjertelig velkommen til å ha stand denne dagen. Me ynskjer oss eit levande marked og mykje folk denne dagen, smiler Havro.
Damene kan friste med eit stort og variert utval artikler som skal både på loppemarked og på auksjonen. Blant anna blir det ein gamal Valdresbunad å finne, bunadssølv, malerier, smykker, sjarmerande kubakkstoler og mykje meir.
- Det er varer både for liten og stor, så her kan folk i alle aldre vera med å by. I tillegg vil varene bli lagt ut på Facebook, slik at ein kan delta i budrunden via nettet om ein ikkje har høve til å komme, fortel Havro.
- Heldigvis har me vore utruleg heldige med at artikler og lopper har kommet inn av seg sjølv. Me må rette ein stor takk til alle som har bidratt med flotte ting til auksjonen, seier Vengel Remmen.
- Så er det berre å krysse fingrene for at været er med oss, og så er me sikre på at det blir ein fantastisk flott og fin dag på Haukåsen, smiler ho.