Klubben er for ungar født i 2013 eller tidlegare. Oppmøte ved Vang folkebibliotek, vi kjem til å vere både inne og ute. Klubbleiar vert Julie Holmvik.
Den første veka er eit samarbeid med Vang læringssenter, og her kan også foreldre bli med! Då blir det fokus på friluftsliv og uteleik for heile familien. Dei andre to vekene er tema Kunst og handtverk, og Musikk og drama.
Også i år treng vi påmelding, innan 14. juni. Påmeldingsskjema finn du på vang frivilligsentral sine nettsider. Du kan melde deg på ein eller fleire veker, men det er avgrensa plassar. Etter fristen gir vi deg beskjed om kva for veker du får plass.
Har du spørsmål? Kontakt Marte på frivilligsentralen.