Leik og moro, ute og inne - for alle født før 2012.
Det er vekene etter skuleslutt som gjeld i år (26-28) og opplegget varar frå 11-15.
– Klubben byr på leik og moro både inne og ute - og dei ulike vekene vil ha ulike tema. Oppmøte er ved Vang folkebibliotek. Klubbleiar i år er Marit Rønneberg Hagerup, fortel Marte Tangen, dagleg leiar ved Vang frivilligsentral.
Klubben er for alle født i 2012 eller tidlegare.
På grunn av smittevern må vi i år ha påmelding for alle deltakarane. Du kan melde deg på ein eller fleire veker. Det er plass til 12 deltakarar pr veke. Du vil få svar på om du har fått plass eller ikkje.
Meld deg på innan 15. juni via dette skjemaet.