Denne buketten - og fleire til - er klare for å ta deg i mot på Sommerhotellet denne sesongen!
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Sommerhotellet klar for sesongen

Sommerhotellet klar for sesongen

27. juni 2024
Dagleg leiar Julie Heimdal og gjengen er klare for å ta i mot turister, hyttefolk og lokalbefolkningen på Sommerhotellet denne sesongen!

- Vi er kjempeklare for å gripe fatt på en ny sesong og ta i mot både lokalbefolkning og turister til hotellet, smiler Julie Heimdal, dagleg leiar for Sommerhotellet. 

Det finnes nemleg ingen sikrare sommertegn enn at Sommerhotellet opnar dørene for sesongen. Allereie har hotellet hatt fleire gjester innom, og i juli startar høgsesongen! 

- Det er bra med bestillinger allereie, det lovar godt. Me ser og ein økande trend i at turister booker anten dagen før, eller samme dag dei kjem. Så, det er berre å vera klare, ler Heimdal. 

 

Unike, lokale og gode smaksopplevelser 

Sommerhotellet har dei siste åra blitt spesielt kjent for sin satsing på lokale råvarer og eigen markedshage. Heimdal fortel at dei har fått mange gode tilbakemeldingar på at matkonseptet er blitt godt tatt i mot. 

- Det er veldig kjekt at ein treff på maten, det er jo akkurat det me ynskjer. Me er veldig heldig å ha så mange gode produsenter rundt oss, både lokalt i Vang og Valdres, men også naboer mot vest, smiler ho. 

- I tillegg er det sjølforsynt med grønnsaker frå markedshagen store delar av sesongen, og det er jo ekstra stas, legg ho til. 

- For oss er smaksopplevelsen til gjestene utruleg viktig. Me vil at dei skal få fantastiske smakar på tallerknen, og i tillegg lære litt om områda rundt oss, smiler Heimdal. 

 

Ope servering for alle 

Denne sommaren er det også ope middagsservering for dei som ynskjer å ete ein betre middag på hotellet. 

- Frå 1. juli vil me ha ope restaurant frå torsdag-laurdag, men me vil gjerne ha bestilling på mail eller telefon dagen før, seier Heimdal. 

Ho fortel at det også er mogleg å ete frukost på Sommerhotellet, om ein ynskjer ein deilig start på dagen. Då gjeld same prinsipp; bestill dagen i forveien. 

- I tillegg kjem me til å annonsere nokre opne dagar / kvelder på terassen, der også baren i underetasjen vil vera ope. Følg med på Facebook-sida vår for oppdateringer, smiler Heimdal. 

Denne sesongen er det rundt 11 ansatte på Sommerhotellet, som alle står klare for vare på eventyrlystne fjellfolk. 

- Me sett så stor pris på alle gjestane våre, og håpar at både lokale og turistar tek turen til Sommerhotellet denne sesongen. Det gledes til hotellet fylles med energi og glede, me er klare, avsluttar ho.