BD95D8F6 7F5C 4C93 B830 92F3F26E7717
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Sparstadstølen med nytt overnattingstilbod

Sparstadstølen med nytt overnattingstilbod

25. august 2022
Sparstadstølen har starta opp eit heilt nytt overnattingstilbod i Sanddalen. Den gamle forløa på jordet er nemleg blitt forvandla til eit lite og sjarmerande krypinn!

- Det er veldig hyggeleg å opne opp for overnatting her oppe i Sanddalen, det har vore etterspurt frå fleire gjester i mange år, fortel Katharina Sparstad, drivar av Sparstadstølen. 

Forløa på jordet stod eigentleg klar til bruk i fjor sommar, men på grunn av lite markedsføring har den ikkje vore tatt i bruk før enn i år. 

- Me har vore litt beskjedne med markedsføringa av prosjektet, ettersom det har tatt tid og me fortsatt manglar litt småplukk her og der. Det er likevel fullt mogleg å overnatte og booke seg inn, smiler Sparstad. 

 

Henta ideen frå verdiskapningsprogrammet

Det er ikkje heilt tilfeldig at løa på jordet no er gjort om til overnattingstilbod. Ideen kom nemleg heilt tilbake i 2006 då Sparstadstølen vart med i verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet, i regi av Valdres natur og kulturpark, samt Riksantikvaren. 

- Valdres og Nord Gudbrandsdalen vart ein pilot for verdiskapningsprogrammet på kulturminneområdet. Valdres har to hovedelement av nasjonal verdi, flest støler i drift i Norden og mange stavkirker i regionen, fortel Sparstad. 

Eitt av fokusområdene i prosjektet var å sjå på gamle løer, og innrede dei til ny bruk. Utan å ta hol på fasaden eller skade bygningen på noko vis.  

- På Sparstadstølen var det arkitekt Ingrid Kvissel som tegna innredning og funksjonar til løa. Ho gjorde ein fantastisk jobb med å bevare løa slik den er, men likevel gjere at me kunne ta den i bruk, seier Sparstad. 

Desse tegningane har blitt liggande sidan prosjektet vart avslutta i 2010, og det er fyrst no dei sista åra tanken på å realisere tegningen har blussa opp. 

- No står det meste klart, me mangler litt småtteri, men det er lagt ut på Airbnb og mogleg å leige utover hausten, smiler Sparstad. 

 

Mange besøkende i sumar 

Katharina har dreve tradisjonell stølsdrift på Sparstadstølen i Sanddalen i nærmare 26 år. Stølen på drives ¨gamle måten¨ med handmjølking, kinning og ysting med vedfyring. Og med både kyr, hund, hest og geit ute på tunet er det nok å henge fingrane i. 

- I tillegg har me ope dag tre gonger i veka gjennom sumarsesongen. Det er ikkje lagt opp til kafédrift her oppe, men gjestane får komme inn i sælet, får lett servering med rummegraut, lapper og kaffe, og får sjå drifta på nært hald, fortel Sparstad. 

- Denne sumaren har det vore ganske jevnt med folk og mange som har tatt turen opp i stølsgrenda her. Seinast denne helga var elever frå Steineskulen på besøk for å få innblikk i norsk seterdrift, legg ho til.

Men, etter 26 år på stølen kvar einaste sumar, skulle ein kanskje tru at det vart nok etter ei stund? 

- Eg likar å vere her oppe og drive Sparstadstølen på denne måten. Det er utruleg givande å få halde dei gamle tradisjonane levande, i tillegg som eg får møte utruleg mykje flotte folk her oppe i fjellheimen. Alle som kjem på besøk er veldig hyggelege og nysgjerrige på drifta, smiler Sparstad. 

Sesongen på Sparstadstølen med ope dag er over for denne gong, men Katharina er som regel på stølen til starten av september.