IMG 6173
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Spennande utvikling for Tyin-Filefjell

Spennande utvikling for Tyin-Filefjell

11. januar 2024
Med to nye hotellfløyer, oppussing og påbygging, nye ansatte og nye tilbod kan ein trygt seie at Tyin-Filefjell er i full utvikling om dagen!

- Det er ei spennande tid me er inne i no, og det skjer mykje. For oss er det utruleg artig å få lov til å vera med å sette preg på utviklinga, og få vera ein del av alt som skjer framover. Det skaper eierskap og endå meir stolthet over Tyin-Filefjell, seier Line Margrethe Svien, Leder Hotell & Spisesteder.

For akkurat no er Tyin-Filefjell heilt i startfasen med å utvikle seg til å bli en fullverdig fjelldestinasjon. Planane er mange, og allereie er det skjedd fleire spennande forandringar i det vakre høyfjellsområdet.  

-  For oss som jobber her er det jo ein unik moglegheit å få vera med på å utvikle og etablere ein ny og innhaldsrik fjelldestinasjon. Det er kjempespennande og ein takknemleg prosess å vera ein del av, smiler Fjellpromotør Frank Tindvik.

 

Byggjer 28 nye hotellrom 

På Filefjellstuene er kanskje den mest synelege forandringen hittil, her er dei midt i ein spennande oppgradering. Ved siden av Filefjellstuene har det nemleg dei siste månadene reist seg to nye hotellfløyer, med totalt 28 rom. Her skal gjestane kunne nyte stillhet, ro og upåklageleg utsikt frå rommet sitt.  

- Arbeidet med dei to fløyene begynte sommaren 2023. Dei vil offisielt stå ferdig og klare for å ta imot gjester frå 1. juli. Det gler me oss veldig til, seier Svien. 

- Med dette doblar me sengekapasiteten, og det opnar med ein gong fleire dører for oss. Blant anna har me moglegheit til å ta i mot større grupper og legge til rette for meir besøk, legg ho til. 

Det er Tveitabru Bygg AS som har stått for arbeidet med å sette opp fløyene, der det er 20 dobbeltrom og åtte superior. Alle innredet med store vinduer, slik at ein alltid kan sjå Stølsnøse og Skørsnøse. 

- Hotellfløyene kan me kalle den første månelandingen for oss, det er vårt største prosjekt hittil, og det er veldig spennande å sjå bygga reise seg og etter hvert bli klare, smiler Tindvik. 

 

- Ein heilt ny måte å jobbe på

I tillegg er det ein rekke andre oppgraderingar på området; utvidelse av parkeringsplass med elbil-lader, badstu over elva, platting og liten scene utanfor Filefjellstuene, kjøkkenet inne skal oppgraderes og utvides, inventaret skal pusses opp og det skal bygges kontor til de ansatte på Filefjellstuene.

-  I jula lanserte me også eit heilt nytt matkonsept i restauranten vår. Hver kveld kl. 19.30 serverer me ein spennande 3-retters middag med fokus på lokale råvarer og historien bak maten, fortel Svien. 

- Dette er ein heilt ny måte å jobbe på for oss, og me har allereie fått mange gode tilbakemeldingar på dette. Det er veldig triveleg. Me ønskjer jo at folk skal føle at dei kjem heim til oss på Filefjellstuene, det skal vera lun og god stemning her, legg ho til. 

Svien fortel at ho om mogleg har fått endå større respekt for tradisjoner og historien på Tyin-Filefjell, etter at dei byrja for fullt med utviklinga av destinasjonen. 

- Alt som har skjedd her oppe og historien. Det er en ære å få ta vare på, hente opp igjen og videreutvikle dette, smiler ho.

– Filefjellstuene blir tyngdepunktet og basen for veldig mykje av aktiviteten på Tyin-Filefjell framover. Anten du ynskjer å ete hjå oss, skal på afterski, ha briefing med guidane våre før morgondagens tur, delta på aktivitetar, møter eller selskap, eller bare nyte stillheita. På Filefjellstuene vil du vera tett på pulsen av det som skjer på fjellet heile året gjennom, fortel Svien.

 

Satser stort på barn og ungdom 

Det er ikkje berre på Filefjellstuene det den siste tida har vore mange baller i lufta, det gjeld sjølvsagt også i skianlegget på Filefjell. Driftsleder Ole Martin Jægersborg fortel om ei særs stor statsing på barn og ungdom i tida framover. 

- I mange år har me hatt gratis sesongkort for alle 4. klassinger i Vang, Lærdal og Årdal. Men no ønskjer me at endå fleire skal få oppleve skigleden i fjellet, og har difor bestemt oss for å tilby gratis sesongkort for alle barn til og med 4. klasse, i alle disse kommunene, seier Jægersborg. 

- I tillegg har me økt alderen frå 15 til 17 år på ungdomskortet i heisen. Og ungdommer bosatt i Vang, Lærdal og Årdal får i tillegg en sterkt redusert pris på sesongkortet for ungdom, legg han til.

Jægersborg fortel at dei har mottatt gode tilbakemeldingar på tiltaka dei har gjort for dei unge, og dette på sikt vil øke trafikken i skianlegget. I tillegg er det også litt oppgraderinger i heisen for dei aller minste. 

- Me har investert i nytt og meir driftssikkert bånd til å stå på, og satt opp ein tunnel over. Og i sommer bygde me ein fun-slope med svinger og gøye utfordringar, her skal det også opp ein del artige figurar. Denne åpner me så fort det er kommet litt meir snø, smiler Jægersborg. 

Med seks ansatte i skianlegget er det duket for en god sesong både for unge og vaksne med ski på beina. Du kan lese meir om åpningstidene til skisenteret her.

- For skianlegget på Filefjell er det og fleire store planar og investeringar på gang, blant anna planane for stolheisen Andstor heisen. Dette er likevel planar som ligg noko fram i tid, seier Jægersborg. 

- Det første, først: no er me klare for årets sesong og håpar mange tek turen til skianlegget i vinter, smiler han. 

 

Sjå fleire bileter frå blant anna 3-retters middagen på Filefjellstuene og dei nye hotellfløyene.