Dei skulle nemleg besøke Lerhol gard for å få omvisning i den spennande Riddarstøga, og høyre historia om Sigvat Leirholar. Å lære om lokalhistoria rundt oss i Vang er i seg sjølv spennande, men for å toppe dagen, skulle elevane få lov til å reise med vikingskipa, Tor og Odin!
Desse skipa er laga av Ola B. Wangensteen og Jon Ødegard. Det fyrste vikingskipet Odin, byrja dei å snekre og skjære ut i 1994 og båten var klar for sjøsetting i 1996. Medan skipet Tor, byrja dei å bygge i 2015. Det var difor stor stas når 3. klasse skulle få vera med på seilasen over mjøsa! Som stødige bårførarar denne dagen var Ola Wangensteen og Erik Martinsen, dei fekk dei små vikingane trygt i havn på Lerhol.
På brygga stod både Jon og Knut Lerhol klare for å formidle spennande historier frå garden og området rundt. For kven var eigentleg Ola i Hærse og Sigvat Leirholar? Og kva brukte ein forskjellige redskap til før i tida? Det var berre noko av det 3. klasse lærte denne dagen. Kanskje lærte dei også at det er ganske kult å vakse opp i ei fjellbygd med både vakker natur, spennande historie, og flinke lærarar som veit å planlegge artige skuledager?
Etter omvisning i Riddarstøga var det tid for lunsj og leik, og jammen tittet sola varmt fram! Så var det tid for retur, og nok ein gong skulle Tor og Odin skysse ivrige ungar over blikkstille Vangsmjøsa. Med sang, latter og blide fjes la vikingskipa til ved VBU, og alle var skjønt enige om at dette hadde vore ein fin, fin dag!
Sjå alle bileta frå turen i bildekarusellen nedanfor!