Det er fyrste gong gjengen bak Vinjerock arrangerar barnefestival som er open for alle. Etter fleire år med eit godt samarbeid med Høre og Fredheim barnehage omkring arrangementet Vesle-Vinje er Vinjerock no klare for opne dørene for alle som ynskjer å oppleve skikkeleg festivalstemning for heile familien.
- Me har vore så heldige å funne utruleg gode samarbeidspartnarar hjå barnehagane her i Vang kor me saman med dei og ungane har fått prøvd ut konseptet barnefestival i meir lukka formar. Det har vore uvurderlig å få lov til å teste ut kva som fenger barna før me no satsar litt større, fortel prosjektleiar Ingebjørg Blomlie Müller.
Og no er dei altså klare for å sparke dørene vid opne. Det blir eit heilheitleg program og arrangørane kan avsløre allereie no at det blir line-dance og country med Embla and the Karidotters! Bandet vitja Vinjerock i fjor sumar og då satt dansefoten laust, med medlemmar med bakgrunn frå Razika, Honningbarna, Sløtface, Slomosa og Aiming for Enrike blir det garantert god stemning 25. mai kring Vangstunet i Vang i Valdres. Men ikkje nok med det, det blir ô g barnedisco, eit mylder av aktivitetar å boltre seg i og sjølvsagt eit litteraturprogram. Men litt må dei halde att.
- Ein kan jo ikkje avsløre heile programmet med ein gong, seier ein spent prosjektleiar.
Med seg på laget har dei Vang Frivilligsentral og Vang Folkebibliotek, uvurderlege samarbeidspartnarar og viktige bidragsytarar spør du Vinjerock.
- Det er viktig for oss å dra med oss så mykje av lokalsamfunnet vårt som mogleg, dette er jo heimen vår. Og då er det heilt naturleg med eit tett samarbeid med våre nærmaste naboar som held til i same bygg og sit med spisskompetanse på sine felt, fortel prosjektleiaren.
Det avslørast ôg at publikum kan vente seg deilig lokalmat på festivalen - i typisk Vinjerock-ånd serverast det lokalmat frå øvste hylle som vil freiste både store og små. Det er ôg mogleg å ha medbrakt om ein ynskjer det.
Eit spanande tiltak arrangørane bak Vesle-Vinje har stelt i stand er “betal det du ynskjer”-konseptet, godt inspirert av Rosendal Teater i Trondheim.
- Me ynskjer at festivalen skal vere tilgjengeleg for alle barnefamiliar som ynskjer å vitje festivalen. Me har difor innført at publikum betalar det dei sjølv har moglegheit til, eller sjølv ynskjer. Ein skal ikkje stikke under ein stol at det kostar å lage festival, men det er desto viktigare at dette er eit tilbod som flest mogleg har tilgong på, fortel Blomlie Müller.
No er det berre å telle ned dagane og glede seg til barnefestival i Valdres.