Dalens beste forretningsidé er verdsett til 50.000 kroner under nyvinninga StartUpp Valdres den 12. oktober.
– Ikkje berre lyt ideen vera god. Ein lyt også meistre det å leggje fram ideen framfor folk og overbevise om at dette har noko for seg, fortel næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot.
Saman med Sparebank 1 Hallingdal og Valdres og Valdres Næringshage har Innovangsjon teke initiativet til StartUpp Valdres.
Ved sidan av sjølve konkurransekvelden i Valdres Storhall er det lagt opp til ein arbeidskveld i Valdres næringshage der idéutvikling og formidling står på agendaen.
Krohn Devold leiar juryen
Konkurransen er også eit ledd av eit større samarbeid med Hallingdal for å fremje gründerskap i fjellregionen og adm. dir. i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold kjem til Valdres Storhall for å leie juryarbeidet.
– Reiselivet vert dytta framover av teknologiske nyvinningar og gründerbedrifter som tilbyr unike mat- eller aktivitetsoppleingar. Difor er konkurransar som dette i aller høgste grad relevant for oss, og eg gler meg til å ta turen til Valdres for å vurdere forretningsidear, seier Krohn Devold.
Ved sidan av denne jobben har ho ei lang rekkje styreverv i norsk næringsliv og lang fartstid som politikar og seinare generalsekretær i Den Norske Turistforening.
– Vi har den beste juryleiaren vi kan drøyme om og det gjev nok deltakarane litt ekstra nervar at ho sit i panelet, seier Hilde Tveiten Døvre, dagleg leiar i Valdres Næringshage.
Resten av juryen vert sett saman i desse dagar.
God respons
Få dagar etter at konkurransen er gjort kjent er fleire idear meldt på til konkurransen.
– Teknologi, kultur, reiseliv og film er allereie representert. Det er gledeleg å sjå at valdrisen er frampå og vågar seg utpå med gode idear, seier Bruflot i Innovangsjon.
Mens konkurransekvelden er 12. oktober er arbeidskvelden sett til 27. september. Her er det ope for alle og gratis å delta.
– Ideutvekling og innsal står på agendaen her. Det vert gode eksempel frå folk som har lukkast med å tene pengar på ideen sin og det vert konkrete tips frå fleire flinke folke, fortel Tveiten Døvre.