Stab Lasse Andre Lyngaas 2684
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Stødige hender klare for å leie Vinjerock vidare

Stødige hender klare for å leie Vinjerock vidare

23. juli 2024
Vinjerock sin nye festivalsjef og daglege leiar er på plass. Ingebjørg Blomlie Müller tek steget opp, og skal løfte festivalen vidare inn i framtida.

Vinjerock 2024 er vel gjennomført, det vart ein festival i strålande sol og fantastiske omgjevnad på Eidsbugarden. No byrjer staben bak festivalen å stake ut kursen mot 2025 og ikkje minst tjueårsjubileet i 2026, og frå september av blir det med ny festivalsjef ved roret.

Etter å ha losa Vinjerock trygt gjennom dei to siste åra, takkar Guro Furunes Pettersen for seg, og vender nasen mot Trøndelag. Den nye festivalsjefen, Ingebjørg Blomlie Müller, er rekruttert frå stabens eigne rekker.

"Me er utruleg stolte og glade for å kunne presentere ny festivalsjef for Vinjerock. Og at me som ein av Noregs aller beste (ja, faktisk prisbelønt) festival atter ein gong kan rekruttere frå eigne rekker betyr mykje for oss. Det seier mykje om kompetansen som sit i vår stab. Få kjenner Vinjerock betre enn Ingebjørg, som nærmast pustar denne festivalen. Vår identitet og kurs vidare mot 20 års jubileum i 2026 står fjellstøtt med ho ved roret. Engasjert, varm og med eit brennande hjarte for publikum sine opplevingar er både organisasjonen, posisjonen og publikum i trygge hender", seier styreleiar Lars Tefre Baade.

Kjenner festivalen betre enn dei fleste

Den påtroppande festivalsjefen starta i festivalen som frivillig allereie i 2008 og blei tilsett i 2016. Blomlie Müller har innehatt fleire funksjonar i Vinjerock, ho pustar og lever verdiane som festivalen står for og kjenner organisasjonen betre enn dei fleste. Det er ei stødig hand som no tek styringa på festivalen.

"Vinjerock består av ein engasjert og kunnskapsrik stab og administrasjon, og ein god portefølje med samarbeidspartnarar, som alle har eit stort hjarte for festivalen! Difor er eg berre veldig klar og spent på å ta fatt på den nye rolla, og gler meg til å styre den solid snekra skuta på vegen vidare," fortel Blomlie Müller. 

Blomlie Müller kjem fra Øystre Slidre og er busett i Heggenes, ho vil halde til i kontorfellesskapet 1724 i Vang saman med resten av administrasjonen. Ho overtek som festivalsjef og dagleg leiar i Vinjerock i byrjinga av september.

 

Overleverer festivalsjef-capsen

Avtroppande festivalsjef er over seg av begeistring over årets festival og seier seg strålande nøgd med arvtakaren i rolla.

"Det har vore eit genuint kjærleiksforhald å få lov til å vere involvert i Vinjerock i heile ti år og eit privilegium å få lov til å leie den sidan 2022. Det er då utruleg kjekt å overlevere rolla til ein god kollega. Ingebjørg er drivande dyktig, klok og brenn for Vinjerock og fellesskapet festivalen står for. Eg er enormt glad for at ho takka ja til den beste jobben i festivalnoreg og eg gler meg til å ta turen attende som heilt vanleg festivaldeltakar og heie frå sidelinja på den flottaste gjengen eg veit om", seier avtroppande festivalsjef Guro Furunes Pettersen.