Odd Tore Moen og Einar Hjelle i full gang med å plassere ut stolpar til årets stolpejakt på Tyin-Filefjell.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Stolpejakten i gang på Tyin-Filefjell

Stolpejakten i gang på Tyin-Filefjell

27. juni 2024
Endeleg er det duka for stolpejakten på Tyin-Filefjell att! Heile 45 stolpar med ulike vanskelegheitsgrad er plassert ut i området og ventar på å bli scannet!

- Det er ei glede å seie at Tyin-Filefjell i år arrangerer stolpejakten her på fjellet, det gler me oss stort over, seier Odd Tore Moen, aktivitetsleder ved Tyin-Filefjell. 

Dette er ikkje fyrste gongen det er stolpejakt på fjellet, men det er dog fyrste gong Tyin-Filefjell er initiativtaker og står for opplegget. 

- Me hadde eit stort ynskje om at det skulle vera eit slik tilbod her, og kontakta Stolpejakten sentralt for å høyre om me som destinasjon kunne få lov til å ha regien. Det fekk me lov til, og no stolpene på plass, seier Moen engasjert. 

 

- Eit viktig tilbod for destinasjonen 

Både høgt og lågt, sentralt og ¨usentralt¨ på Filefjell er det no plassert ut 45 stolpar, alle med forskjellig vanskelegheitsgrad, basert på kor lett tilgjengeleg dei er. Målet med stolpejakten er å skape eit lågterskeltilbod som alle kan ha moglegheit til å delta på. 

- Dette er jo eit av fleire løft for destinasjonen vår, ved å tilby ulike typer aktiviteter. Stolpejakten har vore arrangert på Filefjell før og har vore ein veldig populær aktivitet for mange. Me håpar sjølvsagt at det vil bli like populært i år. Berre på under ei veke har me over 1000 stolpetreff, smiler Moen. 

- Det er sjølvsagt aller fleste stolper i sentrum. Av dei meir krevande stolpene er blant anna Hødntind, som verkeleg er ein flott tur til fjells, seier Einar Heen Hjelle, assisterende driftsleder for Tyin-Filefjell skisenter. 

Han fortel at det også er ekstra bonuspoeng for stolper som er over 900 meter over havet - som det jo er ganske mange av på Tyin-Filefjell. 

- Kanskje det kan vera ein gulrot, å hente litt ekstra poeng i høgden, ler Moen. 

 

Mykje god og spennande lokalhistorie

Ikkje nok med at du får både trim og vakker natur; Odd Tore Moen har også lagt inn ein stor innsats i å hente inn lokalhistorie frå området, som no er lagt inn på dei ulike stolpene. 

- Når ein scanner QR-koden vil ein få opp sjekkpunkt, bilete og veldig mykje fin lokalhistorie! Tanken er jo at folk også skal kunne lære litt om fjellområdet vårt, medan dei er ute på tur, seier han. 

- I tillegg vil det også bli laga ein versjon på engelsk, slik at våre utenlandske turister også kan få vera med på moroa, seier Hjelle. 

For å delta på stolpejakten lastar du enten ned appen, eller du nyttar kartbrosjyren som du finn hjå både Filefjellstuene og Intersport Filefjell. 

- Me er veldig fornøgd med dette og håpar at folk vil kose seg i fjellet med stolpejakten i sommar! Dette er jo ein viktig del av å bygge ein heilårsdestinasjon som tilbyr aktivitetar heile året, seier Hjelle. 

Han fortel at Årdalsnett og Monter Kvismo er med som samarbeidspartner for stolpejakten, og at det i slutten av sesongen vil bli fine trekkpremier. 

- Det er berre å få på seg turskoa og komme seg til fjells! 

 

Les meir om stolpejakten her. God tur til fjells i sommar!