Korps frå heile Valdres vert samla på Vang barne- og ungdomsskule søndag.
– Det vert både marsjering, fellesnummer og konsert med alle korps gjennom dagen, fortel Anne Berit Hemsing på vegne av Fjellblom musikklag og Vang skule- og ungdomskorps som saman står bak stemnet.
Dei oppmodar alle som ynskjer det om å koma som publikum denne dagen. Marsjen byrjar elleve og konserten inne Vangshallen klokka tolv.
- Kvart korps får om lag ti minutt speletid kvar og vi har ei pause med sal varmmat, brus, kaffe, vaflar, kaker og meir, fortel Hemsing.
Desse korpsa deltek
- Fjellblom musikklag
- Valdres Brass Band
- Ulnes musikklag
- Vestre Slidre skulekorps
- Bruflat musikklag
- Valdres junior brass band
- Vang skule- og ungdomskorps
- Bagn og Begnadalen musikkorps
- Øystre Slidre musikkorps
- Røn musikklag
- Aurdal musikk
Velkommen til korpstreff i Vang!