Har du helseutdanning eller økonomihovud er sjansane store for at du finn arbeid i Vang no.
Totalt tolv stillingar er ledige på same tid. Fyrst og fremst er det helse og økonomi, men her er også andre inngangar til arbeidslivet i Vang.
- Risikokontroller – Vang sparebank
- Regnskapsmedarbeider – Vang sparebank
- Rørleggerbedrift til sals - Vang Rør
- Produksjonsarbeidar - Ryfoss betong AS
- Dagleg leiar regnskapskontor - Bookkeeper AS
- Reinhaldar - Vang kommune
- Vernepleiar i miljøtenesta - Vang kommune
- Helsefagarbeidar i miljøtenesta - Vang kommune
- Helsefagarbeidar som kvilande nattevakt - Vang kommune
- Tilkallingsvikarar miljøtenesta og BPA - Vang kommune
- Støttekontaktar - Vang kommune
- Områdesjukepleiar - Vang kommune
- Helgestilling helsefagarbeidar – Vang kommune
- Kontorplassar med utsikt - Kontorfellesskapet 1724 og Synshagen næringspark
Vang i Valdres
Fjellkommunen Vang ligg ved sørenden av Jotunheimen og byr på den greie kombinasjonen av «vestlandsfjell» og «austlandsklima». Dette er heimen til fjell-festivalen Vinjerock, to tamreinlag, eit skisenter, om lag 1630 innbyggarar og nesten like mange hytter.
Her får alle barnehageplass umiddelbart og hausten 2016 er nye Vang barne- og ungdomsskule ferdig. Vang har då eit topp moderne skulebygg med fleirbrukshall og terapibasseng. Kombinert med ein kompetent lærarstand og ei bevisst satsing på friluftsliv i skulen er oppvekst-tilhøva i Vang på stell.
Bygdeutviklingsforetaket Innovangsjon SA jobbar med bustader, nettverk, næringsutvikling og blest med eit uttalt (og hårete) mål om 1724 innbyggarar i kommunen innan 2020.
Treng du jobb eller vil starte for deg sjølv tek du kontakt med næringsutviklar Dag Inge (daginge@vangivaldres.no//95873757).
Ser du etter plass å bu eller folk å henge med tek du kontakt med Innovangsjonsminister Hallgrim (hallgrim@vangivaldres.no//41222769).
Ellers finn du det meste av det du treng å vite om bustad og bygda ellers her på vangivaldres.no