307E50D2 96C8 46F7 91C8 A3CE680F9C07
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Stovevakter og kvardagshelter

Stovevakter og kvardagshelter

03. april 2022
Stovevakter er Vangsheimens nye, store prosjekt. Hils på jentene som gjer kvardagen til bebuarane lysare og timeplanen for dei tilsette enklare!

- Det er ein utruleg flott moglegheit å få i så ung alder. Me lærer ekstremt mykje og får innblikk i korleis kvardagen er både som ansatt, men og som bebuar her på Vangsheimen, seier Solvor Kvissel Remmen (17). 

Saman med seks andre jenter i alderen 15-17 år, er dei ansatt som stovevakter på sjukeheimen. Dette er Vangsheimens nye, store prosjekt som no skal gå over eitt år, og har som mål å på sikt rekruttere fleire inn i helsefaget. Målet er at dei unge stovevaktene ein gong skal vende attende, anten som lærlingar, eller seinare i livet. 

- Det handlar i bunn og grunn om rekruttering. Langsiktig rekruttering. Det er ein gylden moglegheit for unge å skaffe seg erfaring og lærdom, samstundes som dei får prøve yrket i praksis, seier Rita Dalemark, avdelingsleder ved Midtgarden på Vangsheimen. 

Ho er ansvarleg for stovevaktene, som jobbar kvar tredje helg på dei ulike avdelingane. Dei er tilsett på lik linje med alle andre faste ansatte, og har same rettigheter. 

 

Generasjonsmøte 

Stovevakt-løysninga kom allereie sumaren 2021, etter ide frå Joanke Tito om å hente inn yngre krefter til å jobbe i ferien. Løysninga fungerte så godt, at det no er blitt eit prosjekt over eitt år!

- Ideen om heilårsprosjektet kom då me skulle til å omrokkere turnusen vår og såg at me hadde for lite folk på helgene. Me søkte difor etter stovevakter som primært kunne fylle nokre av tomromma og få helgene til å bli mindre hektiske, seier Dalemark. 

- Så er me heldige i Vang som har ein så fremoverlent og framtidsretta ledelse som tørr å satse på prosjekter dei kanskje ikkje heilt har styring på. Det må me verkeleg rose dei for, smiler ho. 

 

Unik moglegheit til å skaffe seg kompetanse 

Dei sju stovevaktene er alle tilsett ved forskjellige avdelinger på Vangsheimen, og går alltid med dei faste ansatte på si avdeling. 

- Me gjer mange forskjellige oppgåver i løpet av ei vakt. Som regel er med me med og rydder opp og vasker litt, passer på at alt er i orden. Ellers går mykje tid på å berre vera til selskap, seier Kristiane Sørengen Berge (16). 

For det å vera til selskap er nettopp ein stor del av jobben. Det at nokon har tid til å sette seg ned og faktisk spørre og lytte om korleis du har det, at nokon allereie sit ved matbordet når du kjem, og at nokon kan halde deg med selskap ein laurdagskveld når gullrekka går på tv. Det har stor verdi. 

- Det er utruleg givande å sjå at bebuarane blir glade for å sjå uss, og at dei set pris på det me gjer for dei. Mange synes det er stas å få fortelje frå sin ungdomstid, smiler Solvår. 

- Det er jo ein unik moglegheit til å få eit innblikk i kvardagen her, og skaffe seg høg kompetanse i så ung alder. I tillegg må me lære uss å samarbeide godt ilag med alle, uansett, legg Ida Nefstad Stende (17) til. 

På sikt er tanken at stovevaktene skal bli meir og meir involvert i arbeidet på Vangsheimen, jo tryggare dei blir i rolla si. 

- Me ser jo at det å ha stovevaktene her har ein kjempeeffekt på bebuarane. Stovevaktene lyser nok opp kvardagen til mange av dei som bur her, smiler Rita. 

- Framover er tanken at dei alle skal bli meir involvert i arbeidet, og gradvis få ta del i meir. I tillegg er dei alle tilbudt sommarjobb her i sommer, så det er kjekt å lære seg dei ulike prosedyrene, legg ho til. 

 

Lærer noko nytt kvar einaste dag 

Det har vore ei bratt læringskurve sidan stovevaktene starta i januar, og fleire av dei har fått særskilt godt innblikk i korleis ein jobber smittefagleg korrekt under pandemien. 

- Det har jo vore nokre tilfeller av korona her på huset, og då har me fått ein veldig god oversikt over korleis ein utfører smittevern og kor utruleg viktig det er. Akkurat det er unikt å lære i praksis, Isabell Noguchi Kjørlien (16). 

- Eg merker at det alt det me lærer her, styrker det me lærer på skulen. Ein ting er å lære noko ved å lese og gjere oppgåver, men det er jo noko heilt annleis å lære det i praksis. Det er spennande, seier Ida. 

Ho fortel at ho ynskjer å bli sjukepleiar og at det å vera stovevakt er eitt av dei fyrste skritta i den retning. Og det er ho ikkje åleine om, alle dei andre stovevaktene ynskjer å jobbe inn helse og ser på dette som ein unik moglegheit. 

- For min del er det heilt supert, eg har søkt om lærlingplass her til hausten og håpar inderleg eg får den. På den tida eg har studert helsefag, har eg merka at eg ofte har betre kjemi med dei eldre og at det gir meg meir å få jobbe med dei, smiler Solvår. 

- Me har også ei av dei som søkte på stovevakt-jobben som fekk jobb på kjøkkenet, nettopp fordi ho har søkt seg inn på restaurant - og matfag på videregåande. Me ynskjer å gjere det så relevant som mogleg for dei som er her, smiler Dalemark. 

 

Gler seg til fortsettelsen 

Stovevakt-eventyret er såvidt begynt for dei sju jentene på Vangsheimen, og alle er dei motivert og gler seg til fortsettelsen. 

- Eg gler meg til å utvikle meg meir og få ein større forståelse av faget i sin heilhet, seier Isabell. 

- Det blir og spennande å få ta større del i arbeidet og kunne vera med på fleire feilt. At me heile tida lærer noko nytt er særs motiverande, legg Kristiane til. 

Alle stovevaktene er einige om at dei er heldige som har fått moglegheiten til å teste yrket i praksis, og at det vil gje dei eit djupdykk inn i kvardagen som helsepersonell. 

- Så er det god livserfaring. Me lærer jo både å samarbeide og kommunisere, samt å bli trygge på uss sjølve og i rolla vår, smiler Solvår.