Aksjon Aqua – Reine Vatn i Valdres legg til rette for Årets Strandryddeveke 14. -20. september og Strandryddedagen den 19. september.
I Vang kommune blir det sett ut konteinar utanfor Coop Fjellvang i Vang sentrum. Ryddepakkar med hanskar, vest og søppelposar kan du hente ut på servicetorget til Vang kommunehus.
– Ca. fire tonn handplukka søppel vart fjerna frå vassdraga under Strandryddeveka i 2019, fortel Torkjell Haugen, prosjektkoordinator i Valdres friluftsråd.
Meir om premiar og opplegget hjå Valdres.no eller på Facebook-gruppa Aksjon Aqua - Reine vatn i Valdres.