- Dette har vore ein aldeles strålande dag! Tilbakemeldingar har vore at folk kjente dei var på ein festival, og då er me fornøgde, smiler Ingebjørg Blomlie Müller, prosjektleiar for Vesle-Vinje 2024.
Aldri har vel Vangstunet vore fylt med så mykje barnelatter, smil og glede. Ingebjørg fortel at dei estimerer at 400 personar i alle aldre var innom i løpet av dagen, og at dei er særs fornøgde med både bookingane og tilbodet innan mat og aktivitetar.
- Tusen takk for alle som bidro til å fylle dagen med mat, innhald og aktivitetar, og til alle som kom og tok del i premiera på Vesle-Vinje, seier Blomlie Müller.
Tett og godt samarbeid
Vesle-Vinje har vore arrangert mange gongar før - i tett samarbeid med barnehagane i Vang, men dette er fyrste gongen det arrangeres som ein open festival, der alle kan ta turen! Og for å lage ein barnefestival så fullspekka av mykje moro, fortel Vinjerock at dei har hatt meget gode samarbeidspartnarar.
- Vi koste oss glugg med å lage Vesle-Vinje! Og me er veldig takksame for det gode samarbeidet med Vang Frivilligsentral, Vang folkebibliotek og ikkje minst bebuarane på mottaket som stilte riggehjelp og eigen aktivitets- og matutsalsbod, seier Guro Furunes Pettersen, festivalsjef for Vinjerock.
For det stod nemleg ikkje på tilboda denne dagen. Embla & The Karidotters held konsert, biblioteksjef Marianne stod for både høgtlesing og familiequiz, Det Andre Teateret underheld både ungar og vaksne, og Dj KoseLars ordna rimeleg fet musikk, kulturskulesjef Victoria Ose held teater-workshop, Ylva Solemsli var ein super konferansier, Studio Flatland har laget alt det grafiske til festivalen, BUA hadde mange ulike aktiviteter og MYKJE MYKJE meir!
- Det er veldig artig å få vere med og lage folkefest saman med gode samarbeidspartnarar! Og alltid stas å sjå BUA-utstyret i bruk. Eg såg berre store smil heile dagen, både hos dei som testa utstyret og hos våre flinke frivillige som tok hand om aktivitetane, seier Marte Tangen, dagleg leiar hjå Vang Frivilligsentral.
- Det var ein fryd å sjå korleis folk kosa seg heile dagen. Veldig moro at så mange var innom høgtlesingane, 10 på lesinga for dei eldste og over 20 for dei yngste – kunne nesten ikkje vore betre! Og artigt med utekviss og så mange ivrige ungar! Knalldag, smiler Marianne Riste, biblioteksjef for Vang folkebibliotek.
Og med vel gjennomført Vesle-Vinje 2024, kan me vel ikkje anna enn å ynskje oss ein Veslje-Vinje 2025?