- Me er veldig glade for å opne dørane og kunne be folket inn på Tyinkrysset Fjellstue att, smiler drivar Emma Bejmar.
For siden starten av januar og fram til vinterferien i februar, har nemleg Emma og Sven Richard hatt lange dager med oppussing og klargjøring til nyåpning av fjellstua.
- Det har vært mye jobbing den siste tiden, men me har virkeleg eit oppriktig ønske om å skape ein møteplass der alle er velkomne og har lyst til å stikke innom, seier Sven Richard Møller.
Kø utanfor døra
Etter nokre intense veker med oppussing og å hente inn personal, var det klart for opning av Tyinkrysset i den fyrste vinterferieuka. Då klokka bikka 12 på åpningsdagen var det allereie kø utanfor inngangsdøra!
- Det var gledeleg, og litt overraskande! Me hadde ikkje annonsert så mykje at me skulle opne, så når køen var utanfor var det bare å stupe med hodet først inn i vinterferien og håpe på det beste, ler Møller.
Sjølv om det å drifte Tyinkrysset er nytt for Emma og Sven Richard, er det to kjente fjes for dei aller fleste i Vang. Dei fleste kjenner dei to blide fjesa frå Intersport eller frå deira eige firma - Opplev Filefjell.
- Me er godt kjent i området og har budd på fjellet i mange år, så det føles jo veldig riktig og spennande å få ta over drifta av ein så veletablert fjellstue, seier Bejmar.
Ho fotel at dei ønskjer å fortsette med fokuset på lokalmat, og at det kvar dag vil vera ein fast lunsjmeny. I tillegg vil opningstidene vere noko lenger.
- Alt er jo veldig nytt for oss og me må lære å kjenne markedet, men me ønskjer at dette skal bli ein plass der ein kan komme innom for å kose seg, anten det er god mat eller ein god kaffe. I tillegg har me på sikt eit ønske om å få til litt ulike arrangementer her, det ser me fram til, smiler Bejmar.
- Det blir ein bratt læringskurve no i starten, og me må ha to tankar i hovudet samtidig; både det kortsiktige og det langsiktige, men me gler oss til fortsettelsen og ønsker alle velkomne inn på Tyinkrysset Fjellstue, avsluttar Møller.