Gymsalen i Øye vert i desse dagar gjort om til sykkel- og skatehall - utan at det går ut over annan bruk av anlegget.
– Vi legg nytt golv no og har elles alle element på jul og kan trille dei ut til det er andre arrangement, fortel Olav Bøland.
Han er primus motor for prosjektet og har markert seg som habil BMX-syklist i år, samstundes som han har hatt sykkeltrening for ungdom både i Makkenparken og på Vbu.
– Målet er å bli ferdig i løpet av nokre dagar no, teste opplegget no i desember og så ha offisiell opning og kveldstrening for ungdom i januar.
Tilbodet er dratt i gang via Vang IL der BMX no er ein egen underavdeling. Også treningane i vinter vert organisert via idrettslaget.
Fleirbrukshall
Det er gymsalen ved Øye samfunnshus som no vert teke i bruk på ein ny måte. Saken har vore oppe i kommunestyret, og omsynet til andre brukarar er ivareteke.
– Det er ullpapp mellom det gamle golvet og dette golvet, og det blir eit vant langs kanten der det er fare for skade på veggen. Det vert eigentleg berre betre å spela innebandy her då, så eg trur desse to aktivitetane skal gå greit å halde i gang her gjennom vinteren, fortel Bøland.
Ved sidan av nytt golv ordnar han også fleire element til å trikse på som er dimensjonert for å kunne flyttast inn og ut etter behov.
– Det vert litt teknisk, men det vert noko som heter A-frame, ein quarterpiepe en funboks og nokre andre element bygd av to-fire, plater og stålbeslag, fortel Bøland.
Bygger miljø
Ved sidan kommunen har Vang bygg og Intersport Filefjell sponsa tiltaket, mens Romslo mekaniske verkstad stiller med gratis stålbeslag til overgangane mellom golv og element.
– Det er nokre gira folk her i Vang og to særs dyktige karar i Vestre Slidre som syklar BMX og har vore med her litt, men enn så lenge har eg stått for mesteparten av dugnadsarbeidet sjølv, fortel Bøland.
Namnet på parken vert «Øye skule skatepark» (ØSS). Nærmaste liknande tilbod er i Voss eller på Gjøvik, og Bøland håper mange vil få glede av det nye tilbodet.
– I Valdres er nok skatemiljøet større enn sykkelmiljøet og eg håpar alle kan finne seg til rette her. Det er i alle fall for dumt dei plassane som er berre for ein av delane. Her er sykkel, skate, rulleskøyter og sparkesyklar velkomne, fortel Bøland.
Vil du vera med på dugnad eller teste parken - kontakt Olav Bøland på tlf 47844752. Han har fleire BMX-syklar til utleige og kjem til å vera mykje i anlegget sjølv gjennom vinteren.
Vil bli proff
Sjølv om det er dugnadsand og lidenskap som driv Bøland om dagen, har han klare tankar om hva han vil med syklinga på sikt.
- Draumen er å leve av BMX-sykling på eit eller anna nivå, men det krev mykje innsats både på sykkelen og med ting som filming og redigering.
Enn så lenge legg han ein god sumar og haust bak seg, der han mellom anna la ut ein film med triks for nokre veker sidan.
- Eg reiste også til Trondheim med to karar frå Slidre i haust og deltok i ei konkurranse der det gjekk bra, så målet er å konkurrere meir neste år.