Intersport Filefjell satsar på sykkelutleige i sommar.
– Vi har ti terrengsyklar og seks el-syklar i utleiga denne sommaren. Her kan folk også leige sykkelstativ og barnehengar, fortel dagleg leiar Leif Øyvind Solemsli ved Intersport Filefjell.
Der er det også gratis lading av el-sykler, matbutikk i nabobygget og tett med sykkelopplevingar i nærområdet.
– Alle butikkane i Fjellkjeden som vi er ein del av har sykkelutleige, så det er gode moglegheiter for å oppdage Vang, Jotunheimen, Mjølkevegen og Kongevegen over Filefjell og Valdres frå sykkelsetet i år.
Frå onsdag 1. juli byrjrar også kongevegbussen å gå - den frakter gjerne syklar på bestilling med eigen sykkelhengar.
Også på Bøflaten camping og på Rogn camping er det utleige av el-syklar denne sommaren.
Stølsvegane og høgfjellsvegar kombinert med MB Bitihorn gjev fleire flotte rundturar i høgfjellet. Samstundes som mykje god sti er underhaldning for mange.