Facebook Toppbanner Nynorsk
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Temakveld om TV-aksjonen

Temakveld om TV-aksjonen

12. oktober 2021
Onsdag 20. oktober kl. 19 blir det temakveld på Vang folkebibliotek om årets TV-aksjon.

Frivilligsentralen er koordinator for innsamlinga i Vang, og inviterer alle interesserte til aktivitetar / konkurransar, informasjon, salsutstilling og noko godt til kaffien. 

Kvart tredje sekund blir ei jente gifta bort en plass i verda. Gjennom årets TV-aksjon skal vi saman gi jenter moglegheit til å velja si eigen framtid, og vie seg til livet!

Plan er mottakar av pengane, som skal nå ut til tre millioner menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst; Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. Plan jobbar for at jenter får bli på skulen og at barn, unge og eldre får opplæring jentar sine rettar, likestilling lovverk.

Barn skal få være barn, ikkje brud. 

Salsutstillinga vil bestå av bamsar lagt av strikkekaféen på Hauksåsen, og forhåpentlegvis som ungar lagar på handarbeidsverkstaden på biblioteket i haustferien. Vi tek gjerne i mot fleire donasjonar for å få til ei rikhaldig utstilling!

Vi blir også veldig glade om nokon vil hjelpe til med å arrangere aktivitetar eller konkurransar, og om bedrifter eller privatpersoner vil gi pengar for dei som deltek!

Ta kontakt med frivilligsentralen@vang.kommune.no om du vil bidra.