Kulturlivet i Vang er av det aktive slaget. Det betyr at nokre veker er fullstappa av godt program - som denne veka.
Tid for å så – måndag
Måndag 7. mars inviterer frivilligsentralen til inspirasjonskveld for hageinteresserte med Elisabeth Sparstad på biblioteket kl 19:00. Her blir tema mellom anna korleis få tak i frø, forkultur eller frilandsåing, grønsaker eller blomer, økologisk eller ikkje. Alle er velkommen, både med og utan «grøne fingre». Ta med frø om du vil bytte.
Påskekrim – torsdag
Torsdag 10. mars kl 19:00 kjem Asbjørn Slettemark til biblioteket for å prate om krimbøker. Slettemark er musikkjournalist og programleiar, kjent frå program som Lydverket, Pyro og som Idol-dommar. Han har i fleire år drive bloggen OP-5 saman med Aslak Nore, der dei tar for seg TV, film og krimlitteratur.
–Helt siden jeg slukte Sherlock Holmes-bøker på barneskolen, har jeg vært besatt av krim- og spenningslitteratur. Gi meg et mysterium i et lukket rom, en spionhistorie fra den kalde krigen eller noen moderne amerikanske politifolk, og jeg forsvinner inn i bøkene" fortel han. På foredraget i Vang vil han sjå nærmare på kvifor nordmenn dreg til fjells i påska med sekken pakka full av mordarar, psykopatar og forfylla politifolk, og gi sine tips for korleis finne dei beste krimbøkene.»
Biblioteksjef Åsta Brenna gler seg til besøket.
– Krim er den desidert mest utlånte sjangeren på biblioteket i Vang, her finst mange storlesarar blant lånarane. Då er det veldig morosamt å få ein med god kompetanse på emnet til å gje nokre oss nye perspektiv, og han har med seg eit breitt utval. Nye bøker og gamle klassikarar, mannlege og kvinnelege forfattarar, kjente og ukjente bøker - til og med nokon som ikkje lengre finst for sal, men som finst på biblioteket. Dette blir eit djupdykk i krimverdenen, som går langt forbi bestselgjarane.
Mønstringskonsert - fredag
Fredag 11. mars er det tid for den årlege mønstringskonserten i Vang, denne gongen på Høre skule kl 19:30. Det er i år Vang musikkråd, Vangskoret og Valdreskvelven spel- og dansarlag som arrangerer, og med seg på konserten har dei også Fjellblom musikklag, Vang skule- og ungdomskorps, Høre mannskor og Kulturskulens barnekor.
Det blir åresal og traktering, og fri inngang. Dette er berre noko av det du kan vere med på, sjekk alle aktivitetane i kalenderen.