- Eg hadde nok aldri sett for meg at Drømmesøm skulle bli så stort som det er blitt. Eg er svært takksam for alle kunder og bestillinger, smiler Thea Tennefoss Hovda (22).
For eitt år sidan tok ho mot til seg og starta opp si eiga bedrift, Drømmesøm byHovda. Ein barndomsdraum som endeleg fekk sjå dagens lys etter mange år i tenkeboksen.
Og med lange bestillingslister og nærmare 280 sydde plagg sidan oppstarten, er søm og håndarbeid no vorte meir enn berre hobby for frøken Hovda.
Større pågang enn forventet
Det starta med ein tanke om å kun sy barnekleder og diverse småtteri på bestilling, men kort tid etter oppstarten byrja det å koma førespurnader om både dei eine og det andre spesialsydde plagget.
- Eg er nok veldig dårlig til å seie nei, og tek som regel ei utfordring på strak arm. For meg er det berre artig at folk kontaktar meg om ulike plagg og ynskjer dei har, fortel Hovda.
Som regel har ho stor kunstnerisk friheit når ho syr plagg for både vaksne og barn, men nokre gonger kjem det heilt konkrete bestillingar på blokka.
- Det er utruleg artig med konkrete bestillingar og. At kunden er med og engasjerer seg og designer plagget, gjer meg masse inspirasjon, smiler ho.
Thea har og hatt fleire samarbeid med lokale bedrifter i Vang, både med trykk av logo og sying av munnbind gjennom koronatiden.
- Eg sett stor pris på at fleire av dei lokale bedriftene vil bruke meg og min kunnskap. Å støtte kvarandre er viktig i eit lite lokalsamfunn som Vang, seier Hovda.
Ho har blant anna samarbeida med Tyinlam, Vangsheimen / heimesjukepleia, Sjokoladenoter og har mange spennande prosjekter på gang.
Mange baller i luften
Ikkje berre har ho godt grep om symaskina, Thea har det siste året sjonglert mange baller i lufta. Den største forskjellen er nok at ho no har tatt med seg snippsekken og tusla over til nabodalføret, Gudbrandsdalen.
Ein lokal sjarmør frå Fåvang fekk lokka ho over fjellet, og no har ho ein fot i begge dalfører. Med jobb både på Beitostølen og i Fåvang, lærarstudier på heiltid og eigen bedrift, går det greit slag i slag om dagen.
- Eg likar at det er litt hektisk og mykje å henge fingrane i. Heldigvis er det slik at eg styrer bedriften min sjølv, og legg opp dagane deretter. Men tidvis er det hektisk, ja, ler Hovda.
Det siste året har ho reist heim i helgene for å gjere unna sy-oppdraga frå Valdres, men no er planen å flytte med seg symaskina over fjellet.
- Bedriften min er jo fortsatt i Valdres, men å ha med seg alt utstyr gjer det lettare for meg å få unnagjort dei ulike bestillingene når det passar. Då kan eg heller nyte helgane heime utan jobb og skippertak, ler ho.
Ynskjer du å bestille frå Drømmesøm by Hovda? Du finn ho både på Facebook og på Instagram.