Øyvind Leine Thune og familien skal byggje seg hus langs Helinvegen og legg samstundes to tomter ut for sal.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Thunetomter

Thune med tomter for sal

13. oktober 2015

Øyvind Leine Thune og familien har planar om å byggje bustadhus i solhellinga langs Helin-vegen i Vang sentrum. Samstundes regulerer dei ut to tomter for sal.

– Det er ein draumeplass for oss å byggje hus, og eg trur dette kan vera rette plassen å satse også for andre, seier ein godt gira Øyvind Leine Thune. Han har så smått byrja å rydde tomtene for skog, og hus-prosjektet tek meir og meir form.


– Her er soltilhøva heilt topp, samstundes som det er nært skule, barnehage og alt anna i Vang som er viktig for oss som familie, fortel Thune. 
Planen er å setja opp eit «nymoderne» hus i miljøvennleg massivtre med store glassflater. 

– Ein må nytte denne utsikta maksimalt, veit du. 

Ein interessert

I løpet av veka har han fått interessentar på ei av tomtene, og no håpar han at også den andre kan vera av interesse for nokon.

–  For vår del er planen er å byggje veg neste sumar og koma i gang med bygging i løpet av seinsumaren/hausten. Den som kjøper tomt styrer sitt eige løp, men det hadde vore artig om dei tenkjer i same baner som oss når det kjem til arkitektur, fortel Thune.

Tomtene er på 1,5 mål og ligg altså langs Helingvegen. Her har du kort veg til skule, barnehage, butikk og alle andre servicetilbod i sentrum. Samstundes er du tett innpå natur, skiløype og utsyn. 

Vang kommune har ein uttala politikk å vera positive til spreidd bustadbygging. I så måte følgjer dei godt opp i denne saka. 

– Kommunen er positiv til prosjektet og fylkeskommunen har gjeve tommel opp. No er det berre opp til politikarane og godkjenne, så vert dette ein realitet, fortel Thune.

Som ei ekstra gulrot opplyser Thune at det på sikt er høve til felles parsellhage for tomtene om dei som kjøper ynskjer det.