I dag stopper vegen her, men det betyr ikkje enden på visa! Innan kort tid graves både veg og ti nye tomter ut i dette skogholtet.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ti nye tomter i Krøssvøllhaugadn

Ti nye tomter i Krøssvøllhaugadn

09. juni 2022
Krøssvøllhaugadn er stadig i utvikling og no har Øyvind Leine Thune fått gjennomslag for å jobbe videre med ti nye tomter.

- Planprogrammet for ti nye tomter i Krøssvøllhaugadn er no godkjent av kommunen. Det betyr at feltet utvides ytterlegare og at endå fleire kan nyte den gode utsikten, smiler Øyvind Leine Thune, grunneigar og tomteutviklar. 

Feltet er stadig under utvikling og på kort tid har Leine Thune sluttseld heile trinn ein. Interessa for dei unike tomtene har vore stor, og fleire har allereie meldt sin interesse for dei ti nye tomtene, med alt fra ca. 1,3-2 mål per tomt. 

- For meg har det vore viktig å halde ballen varm og alltid videreutvikle feltet. Å ha tomter tilgjengeleg og heile tida vera litt i forkant, trur eg er noko av nøkkelen til å lykkast, seier Leine Thune. 

 

Vil bygge nøkkelferdige hus

Den siste tida har mykje kome på plass i Krøssvøllhaugadn, blant anna infrastruktur til alle tomter i trinn ein. Det er no lagt ned kloakk, strøm og vann til alle tomter, det er også lagt fiber i feltet. Det er bygd eit pumpehus/ servicehus, trykktank og styresystem til renseanlegget, i tillegg er heile vegen oppover feltet grusa ferdig og klart til å støpes over. 

- Det har skjedd mykje på kort tid det siste halvåret og jeg har jobba for å halde tempoet oppe. Med det nye planprogrammet godkjent, er det berre å gje gass videre, smiler Leine Thune. 

Han fortel at det er mange tankar og planer for dei ti nye tomtene. Blant anna er det på planen å smelle opp nokre nøkkelferdige hus i feltet. 

- Eg trur det er viktig med variasjon, også i Krøssvøllhaugadn. Nøkkelferdige hus er ekstremt lettvint og kan gjere terskelen for å flytte hit endå lågare. Eg er no i dialog med ein lokal entreprenør med lang fartstid i Vang og ser på moglegheitene for å få til dette, seier Leine Thune. 

- I tillegg er det smart med tanke på at det er stor boligmangel i Valdres akkurat no. At det kjem eit knippe nøkkelferdige hus, med god beliggenhet og fin utsikt, er sårt tiltrengt på boligmarkedet, legg han til. 

Leine Thune fortel at han på sikt ynskjer seg eit ein ordning med tilskot frå kommunen, for dei private husbyggings-initiativa som kjem på banen.

- Det er kostbart å byggje ut slike felt, og det ville absolutt vore eit kjærkomment bidrag med eit tilskot i potten. Folk som byggjer, busett seg og vil til Vang er gull verdt for heile bygda, og kommuna, smiler han. 

 

Starter arbeidet i 2023

Om alt går etter planen, er målet å få startet opp arbeidet med dei ti nye tomtene i løpet av våren / sommaren 2023. 

- Håpet er jo at me kjem i gang med det nye feltet i løpet av neste år ein gong. Planen er då å grovplanere vegen innover skogen her. og legge til rette for videre arbeid. Inn til alle tomtene blir det veg, vann, strøm og kloakk, seier Leine Thune. 

Han fortel at prisen per tomt vil variere frå 690.000,- og oppover, avhengig av beliggenhet og størrelse. 

- Det er også fleire spennande prosjekt på planen framover. På sikt ynskjer eg å rydde skogen oppover lia her mot Grindafjell hytteområde, og legge til rette for skikøyring frå fjellet og ned til boligfeltet, seier tomteutviklaren.

- Så er jo Vang blitt badstubygd, så ei badstue i nærleiken av elva er vel på sin plass. Den vil då vera open både for bygdafolket, hyttefolket og turistar, smiler han. 

- Det er mykje spennande i vente og eg gler meg til å ta fatt på trinn to av Krøssvøllhaugadn, seier Leine Thune engasjert.