Jotun Bygg produserer, seljer og monterer skøytefrie takrenner frå selskapet Kaizer.
– Ingen skøyter, ingen kapp og kjapp montering. Dette er ei god investering for kunden og eit godt produkt å jobbe med for oss, fortel dagleg leiar for Jotun Bygg, Geir Morten Sveberg
Han har brukt seinvinteren på både kurs og optimalisering av tilhengaren som er med ut på byggeplass. No er målet minst to takrenne-jobbar i veka gjennom vår, sommar og haust.
– Så langt ser det bra ut! Både at vi kan levere kjapt og at det er skøytefritt har vorte godt take i mot lokalt.
Miljøsmart skreddarsaum
Konseptet er altså at takrenna kjem på rull og at ein valsar ut og kapper desse etter mål ute på byggeplass.
- Vi har fire farger å velje mellom, så det passer til dei aller fleste tak. Det einaste ein sit att med etter ferdig montert renne er nokre mikroskopiske metallbitar, så miljøaspektet er også noko å ta med seg her.
Enkelt for kunden
Det er kunden i fokus heile vegen for både Jotun Bygg og Kaizer. Ein kan gå inn via nettsida og rekne ut kva takrennejobben vil koste.
– Men det er sjølvsagt berre å ta kontakt direkte med oss også. Vi er på tilbodssida no og gjer unna jobbane så fort vi har kapasitet.
Per no er det Valdres, Lærdal og Årdal som er nedslagsfeltet. Ved sidan av å gjera jobbane gjennom Jotun Bygg, sel dei også monteringsklare takrenner.
– Vi har til dømes ei større levering til ein regional entreprenør denne veka, samstundes som vi har godt samarbeid med fleire lokale byggjefirma. Vi kan også levere til kundar som ynskjer å montere sjølv, fortel Sveberg.
Interessert i å veta meir? Sjå nettsida eller ta kontakt med Geir Morten i Jotun Bygg. geir@jotunbygg.no // 996 90 630 // www.jotun-bygg.no