Det er full produksjon og fleire store leveringar på gang for i3 Element i Vang.
– Vi køyrer eit og eit halvt skift no og vurderer faktisk to skift for å møte etterspurnaden fortel Odd Magne Grythe. Saman med makker Terje Kjøs i Tveitabru holding og storaktøren Løvenskiold står han bak den ferske fabrikken i Vang.
Hallen på 1200 kvadratmeter opna i mai og det har vore levering av bygningselement til både hus, hytter, leilegheitsbygg og næringsbygg frå fyrste dag.
Rekrutterer
Til saman er om lag 40 personar i arbeid for i3 element og Tveitabru Bygg AS om dagen og dei er med det ein av dei større arbeidsgjevarane i Valdres.
Planen er å vekse vidare framover og fyrst ut er dagleg leiar av i3-element, samt ein ny prosjektkoordinator for Tveitabru Bygg.
– Med volumet vi er oppe i og alle planar framover treng vi ein som står for dagleg leiing av bedrifta og ikkje er like involvert i sjølve produksjonen.
I hallen er den erfarne snikkaren Jostein Solsten på plass som produksjonsleiar.
Ser etter samarbeid
Ved siden av fleire større leveransar via Løvenskiold er i3 Element opptekne av å vera ein ressurs for lokale byggfirma.
– Vi meiner fleire av dei lokale firmaa i Valdres kan styrke eigen inntening gjennom samarbeid med oss. Vi leverer ferdigelement etter skreddarsaum noko som betyr kjapp byggjeprosess, lite svinn, lite fukt og ellers gode arbeidstilhøve, fortel Gryhte.