Alt av skiløyper i Vang er preppa i vinterferien. Både langrunder i høgfjellet til trivelege lysløyper i granskogen står til din disposisjon.
– Vi køyrer med ny løypemaskin i vinter og har betre spor enn nokon gong før, fortel løypebas for Grindafjell ski, Jon Helge Solemsli. Han er ute etter kvart snøfall og syter for at løypenettet er i god stand.
Også rapportane frå Slettefjell løypelag og Tyin-Filefjell turløyper er solide - langrennsnettet i Vang er på sitt beste denne vinterferien.
Her finn du oppdatert informasjon om alt av langrennsløyper i Vang.