Fredagskos Varmestøga (6 Of 13)
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Triveleg Fredagskos på Eidsbugarden hotell

Triveleg Fredagskos på Eidsbugarden hotell

17. september 2021
Det er duka for ein svært triveleg aften når Eidsbugarden hotell og Innovangsjon inviterar til haustens fyrste Fredagskos!

- Endeleg! Haustens fyrste Fredagskos er på gang og eg gler meg særs mykje! Utruleg stas er det og at Tone og Lasse er med og arrangerar, me har spikra ein skikkeleg helaften for godtfolket, seier Ida i Innovangsjon.

Ho håpar at både bygdefolk, hyttefolket og sjølvsagt nye vangsjeldningar tek turen for ein triveleg aften på Eidsbugarden hotell fredag 1. oktober. 

Det blir heimelaga mat og dessert på tallerkenen, musikk og lokal historiefortelling, kviss og sjøvlsagt held me på tradisjonen om å presentere våre nye vangsjeldningar! 

- Som nytt vertskap på Eidsbugarden hotell gler me oss til å ta imot og bli kjend med nye og gamle vangsgjeldningar, smiler Tone og Lasse. 

 

Program:

19.00 -  Velkommen til fjells! 
19.30 - Middagsservering 
20.30 - Underhaldning av Solbjørg og Lasse 
21.00 - Presentasjon av nye vangsjeldningar 
21.30 - Kviss og sosialt! 

CC: 199,- for middagsservering og dessert. 
18 års aldersgrense. 

Vi tenkjer å runde av og gje oss for kvelden i 23.00 tida. 

Hugs at Vang kommune spanderar kvelden på nye sambygdingar! 

Du finn arrangementet også på Facebook. 

 

Påmelding direkte til ida@vangivaldres.no eller SMS 48090059 innan 24. september.

Meld også frå om du ynskjer taxi tur/retur. Vi sett opp dette i samarbeid med våre lokale taxisjåførar, om det vert nok påmeldingar. Desse går frå Ryfoss og oppover, både langs E16 og Vennis-sida. (150,- per veg)

Velkomne til fjells, me sjåast!