Fleire aktørar jobbar no saman for å skaffe finansiering til å oppgradere dei 3,3 kilometrane mellom Turtnes og Øye på E16 over Filefjell.
– Når trafikantane kjem gjennom Rødalstunnelen venter eit strekke der to store bilar i praksis ikkje kan passere kvarandre. Denne proppen er såpass farleg og samstundes ferdig planlagt, så her ligg alt til rette for å køyre på med koronamidlar til samferdsel og realisere prosjektet, sa ordførar i Vang, Vidar Eltun.
Saman med fylkespolitiker Haldor Ødegård, representantar frå Statens Vegvesen, JVB, Vang Autoservice og fleire journalistar var Vidar Eltun på plass i Øye for å snakke fram saka tysdag.
Her er hovudargumenta
- Estimert til 150 mill kroner i 2015 - Statens Vegvesen meiner no ein kjem langt med 100 millionar.
- Med breidde ned mot 5,52 meter er det siste proppen langs E16 over Filefjell og eit uakseptabelt standardfall. Noko som vert endå tydlegare når Rødalstunnelen, Kvamskleiva og Røn-Kvamskleiva er i bruk.
- Statens Vegvesen kan ha anbodet klart i løpet av tre månadar etter løyving av midlar. Reguleringsplan vedteken.
- Strekningen lyt same kva utbetrast snarleg - god samfunnsøkonomi i å då også oppgradere.
- Det er mykje masse lagra i området etter Øye-Eidsbru-utbygginga.
- Passe stort prosjekt for nasjonale aktørar med godt vinterarbeid og fornuftig tidshorisont.
- Filefjeller er den mest vintersikre aust-vest-forbindelsen. Dette svake punktet kan vera det som stopper trafikken når alle andre fjellovergangar er stengt.
Kven landar finansiering til denne strekningen?
- Avisa Valdres: Valdresmodellen kan redusere kostnaden frå 150 til 100 millionar: Krisepakke kan gje Valdres 3,3 kilometer ny europaveg.(abo)
- Sogn Avis: Her er vegen så smal at det ofte oppstår problem – no vil han ha fortgang i arbeidet.(abo)
Sjå meir i denne filmen.