- Eg tuller ikkje når eg seier det er verdens minste gårdsbu, men den rommar meir enn det ser ut til, ler Line Margrethe Svien.
På syndag opnar nemleg Tyinlam sin heilt eigne, lille gårdsbu heime på Sveji. Her får ein fyrst og fremst kjøpt eit rikt utval av Tyinlam sine eigne produkt, men også andre lokale produsentar frå ¨nabolaget¨ har fått plass i hyllene.
- I utgangspunktet ynskjer me å ha ein triveleg stad å levere ut våre eigne varer. I staden for å få ein pose med kjøt levert ute på gardstunet, er tanken no at det skal være ein opplevelse rundt det heile. Då er det også triveleg for oss å kunne vise fram produkt frå andre produsentar, smiler Svien.
Lanserer nye produkt
I takt med at Gårdsbua er blitt til, er det også kome nye produktar på salslista til Tyinlam.
- Me har forsøkt å endre litt tankesett rundt salet av produkt. Tidlegare har me solgt ut veldig mykje uten å ha att noko sjølv, no er tanken at me skal ha meir til sal i Gårdsbua, slik at salsopplevinga blir endå meir personleg, seier Svien.
- Difor har me også kome opp med litt nye produktar. Me lanserer Tyinpølsa - ein skikkeleg god, gammaldags, røkt pølse med mykje smak i! Mors hamburger, som er henta rett frå kjøkkenet på Fondsbu og både inspirert og oppkalla etter mor Fondsbu sjølv, Solbjørg Kvålshaugen, smiler Line.
- På salslista er også lammeskanker og kverna, reint lammekjøt. Alle desse nyheitene vil ein få tak i inne i Gårdsbua, legg ho til.
Line fortel at det har vore eit ynskje å kunne selje produkt som ein ikkje nødvendigvis finn i vanlege butikkar.
- Det er difor det er utruleg artig at me også kan ta inn både mat og handverk frå andre, og at me kan vera ein liten kanal for dei også. Tanken er at utvalet av produkt vil variere frå sesong til sesong, smiler Svien.
I Gårdsbua får du blant anna tak i ferske gardsegg, keramikk, honning, strikk, fersk potet og gulrot, heimelaga konfekt, skinn og mykje meir!
Opnar døra på syndag
Fyrstkommande syndag 3. oktober kl. 15.00 opnar døra til Gårdsbua på Sveji.
- Me gleder oss utruleg mykje til å endeleg kunne opne! Det blir spennande å kunne forsøke seg på noko heilt nytt, smiler Line.
Opningstider i veke 40 og 41 er kl. 15-18 alle dagar, men det er mogleg å ta kontakt om ikkje desse tidene skulle passe deg.
- Etter haustferien er tanken at me skal halde utsalet opent kvar helg, seier ho.
- Det er sjølvsagt lov å ringe om opningstidane ikkje skulle passe deg. Så sant me er heime, så er det berre å kome innom, smiler Line.
Du finn Tyinlam på adresse Svejisvegen 32, 2977 Øye.
Lurar på noko? Ja, då kontakter du anten tlf 45022083 eller 99466115.
All betaling i Gårdsbua foregår via Vipps eller faktura.