Ungt entreprenørskap og Vang kommune har inngått samarbeid om opplegg for elevar på ungdomsskulen frå neste skuleår.
– Vi i Vang er særs glad for at vi no har fått til ei avtale på dette. Eg veit vi har diskutert det mange gonger, men utbygginga ved Vang barne- og ungdomsskule har sett det litt på vent. Men no er vi klare til å vektleggje dette i Vang, og med godt samarbeid med Ungt Entreprenørskap, Vang barne- og ungdomsskule og næringslivet i Vang, er dette både spanande, viktig og rett satsing, seier ordførar Vidar Eltun til avisa Valdres.