Gmnt Dbbf5888f1 53 Vst 65Ef0d64054da
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Unik høyfjellspremiere på Tyinholmen

Unik høyfjellspremiere på Tyinholmen

17. mars 2024
Palmesøndag ber Margrete Halvorsen og Runar Malkenes inn til ein unik høyfjellspremiere av filmen ¨Døde menn går på ski¨, som er spilt inn på Tyinholmen!

- Det er skikkelig artig at vi har fått til dette slik som vi ønsket oss, seier Margrete Halvorsen, drivar av Tyinholmen. 

For om nøyaktig ei veke, på Palmesøndag, blir det høyfjellspremiere på filmen ¨Døde menn går på ski¨ i peisestua på Tyinholmen. Dermed vender filmen tilbake til åstedet der den er spilt inn!

- Det var ved ren tilfeldighet i fjor sommer at vi kom i prat med nokre hyttegjester, som fortalte at deira to tvillingsønner hadde spilt inn filmen her på Tyinholmen for ei tid sia. Det synes sjølvsagt me var spennande og fekk kontaktinformasjon, og oppretta kontakt. Derfra byrja ballen å rulle, smiler Halvorsen. 

Og slik har det seg at dei to unge regissørene av filmen, Ruben og Daniel Anda, samt Knut Nærum sjølv tek turen til høyfjellet for å vera med på den unike premieren på sjølve åstedet. 

 

Premiere i peisestua 

Sjølv om kinoen hadde landspremiere 15. mars, er det likevel duka for ein spesiell oppleving når ¨Døde menn går på ski¨ skal snurres på lerretet i peisestua, 1100 meter over havet. 

- Vi rigger oss til med stort lerret og åpner sjølvsagt baren i peisestua. Det blir også ein prat med regissørene Anda brødrene og Knut Nærum før filmen vises, fortel Halvorsen. 

- Også er vi veldig fornøyd og takknemlig for å ha fått til ein avtale med JVB om at dei kjører ekstra avgang mellom Tyinholmen og Eidsbugarden, slik at gjester og hyttefolk derfrå, kan komma på premieren, legg ho til. 

- Dessverre har vi ikkje klart å ordne ein ekstra avgang frå parkeringa ved Tyin, som passer med filmvisningen. Me håpar likevel at bygdefolk og andre vil ta turen innover til oss, og dei er sjølvsagt velkomne til å ete både middag og overnatte, smiler Halvorsen. 

Høyfjellspremieren er gratis, men Margrete og Runar sett pris på ei påmelding anten via post@tyinholmen.no  eller på Facebook-arrangementet

Velkommen til unik filmvisning på Tyinholmen!