Heile fire saker frå Vang har funne vegen til helgeprogrammet Opptur i NRK P1 dei siste månadane.
Alle reportasjene er ved journalist og programleiar Asle Hella som jobbar ved NRK sitt kontor i Bergen. I fylgje han var det ikkje tilfeldig at årets fyrste reportasjetur gjekk over fjellet til Vang.
– Eg er fascinert av korleis Vang jobbar med å få ungdom til å flytte heim etter endt utdanning, få folk til å trives - og fylle tomme hus med kreativitet og nye moglegheiter. Vi i Opptur likar å heie på folk, og vi ynskjer å lage reportasjer frå hele landet, fortel Hella.
Opptur vart starta opp i november og er direktesendt kvalitetsradio på NRK P1 kvar laurdag og sundag frå sju til ni på morgonen. I løpet av to intense dagar møtte han mange hyggelige folk og fekk laga reportasjer til fleire sendingar denne vinteren.
- Opptur skal inspirere folk til å gjera noko kjekt i helga. Gjerne utendørs. Vi lagar reportasjer og inviterar gjester for å snakke om friluftsliv, natur, frisk luft og den gode helgefølelsen. Men fyrst og fremst ynskjer vi å vera godt selskap for NRK P1-lytterane på morgonkvisten i helgane.
Høyr reportasjene
2. februar: Rekruttering av ungdom under utdanning til sommarjobbar i Fjell-Noreg gjekk på lufta 2. februar.
17. februar: Strikkekafeen på Haukåsen som har teke initiativ til besøk frå asylmottaket kvar tysdag.
2. mars: Vi fekk møte Ingunn Vedvik Jensen og Tobi Kunz og høyre om deira realiseringa av gardsdraumen gjennom Huga på gard-prosjektet.
12. mai: Det nyeste tilskotet i festivalfloraen i Vang - VesleVinje - fekk eit grundig oppspark av både barnehageungar/bookingkomite og festivalsjef.