Ein institusjon i handverkarstanden i kommunen er no til sals. Ved sidan av ei etablert merkevare og ei stor kundeportefølje er det høve for å få bustadhus med TOPP utsyn, kontor og lager i pakka. Din sjanse for å etablere seg i Vang!?
– Det er hardt arbeid å drive som røyrleggar og eg tek gjerne nokre gode år som pensjonist før kroppen seier stopp. Det er den enkle og greie forklaringa på kvifor eg no ynskjer å selje selskapet, fortel Arne Heen.
Kan tene godt
I tretti år har Heen drive Vang Rør. Dei siste åra har han ved sidan av seg sjølv hatt ein til to personar involvert i drifta på timesbasis.
– Det er pengar å tene på å vera røyrleggjar i Vang. Her får du med deg ein god miks av fastbuande og hytteprosjekt som kundar, fortel Heen.
Ved sidan av bedriftsnamn og kundeportefølje får ein arbeidsbil, henger, alt av verktøy, datautstyr og delelager med på kjøpet.
Næringsutivklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot, bekreftar at det er godt grunnlag for å drive Vang Rør vidare med suksess.
– Tala pratar for seg sjølv. Her har det vore solid inntening gjennom mange år, dette er ein særs god moglegheit for den rette røyrleggaren, meiner han.
Høve for hus
Ved sidan av sjølve bedrifta, vurderer Heen å selje bustadhuset sitt om den som kjøper bedrifta er interessert.
– Utsynet er eineståande og huset er generelt i god stand. Her er også 160 kvm garasje, 10 mål tomt og eigen kjellarleilegheit som allereie har stabil leigebuar, fortel Heen.
Sjølv tenkjer han og kona å flytte til hytta i Raudalen, samt bruke meir tid på ei anna hytte på Tyin-Filefjell. Om det vert aktuelt, innhentar Heen takst på huset og vert einig om pris med den som er interessert.
Arne Heen når du på tlf: 995 22 222 eller e-post: vang.ror@start.no