Som ein ekstra helsing til næringsdrivande og gjester denne sommaren har Vang utvikling fått laga ein ny informasjonsplakat.
- Plakaten skal understreke at alle er velkomne til Vang i sommar og at det er mykje å oppleva i kommunen, fortel leiar i Vang utvikling, Leif Solemsli.
Det er designar Ingrid Wigdel som har snikra saman plakaten der medlemmar hjå Vang utvikling har ekstra synlegheit.
– Vi tykkjer jo det er stas folk legg ferien sin til Vang og Valdres. Med denne plakaten understreker vi det samtidig som vi syner folk kvar i verda dei er og kva som faktisk er mogleg å oppleve her i sommar, fortel Solemsli.
Ved sidan av å oppleve fjellvegane og ta for seg av mat, opplevingar, overnattingsplassar og handelsplassar, oppmodar plakaten om å nytte dei digitale inngangane til Vang for meir informasjon.
Her på vangivaldres.no har vi samla fleire tips til sommaren 2020, samstundes har valdres.no det meste av turistinformasjon for Vang og Valdres, mens outtt.com har dei gjævaste turane.