Low res-0962.jpg (1)
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv VangRiva tek oppdrag i sumar

VangRiva tek oppdrag i sumar

12. juni 2018

Arbeidsjerna i VangsRiva er klare for oppdrag fire veker i sumar.

– Vi tek på oss det meste av mindre jobbar som grasklypp, rydding, vedstabling, måling, vask og sjauing fortel Nina Dalsegg, flyktningkonsulent ved Vang læringssenter.

Det er veke 26, 27, 32 og 33 VangsRiva er i drift denne sumaren. Kontaktpunkt for oppdrag er nina.dalsegg@vang.kommune.no // 90114575.


Vinn-vinn

Vangsriva er organsiert gjennom introduksjonsprogrammet for flyktningar med eit mål om integrering, språk- og arbeidstrening. Rivjerna jobbar med andre ord gratis i bytte mot oppfølging.

– Vi legg opp til at oppdragsgjevarane er aktive saman med rivjerna. Det er også viktig at ein gjev grundige og enkle instruksjonar for arbeidet som skal gjerast, fortel Dalsegg.

Arbeidstid er fleksibel men i utgangspunkt frå 0930-14. VangsRiva disponerer ein del utstyr og ein bil. Med ein bil og mange i arbeid kan det verta aktuelt å hente/levere rivjerna for enkelte oppdrag.

Base på Klokkarhaugen

Kafeteriaen og turist-informasjonen på Klokkarhaugen er ope heile sommaren og tener også som base for VangRriva dei vekene dei er i drift.

– Kafeen er ope 10-15 alle dagar, men om folk vil koma innom for å diskutere oppdrag til VangsRiva er det høve for det både før og etter opningstidene.

Det er ellers is, kaffi, te og vaffel å få kjøpt i kafeen på Klokkarhaugen.