- Det er skikkelig morro at det har gått så bra, det er jo ekstra artig å drive eigen bedrift når ein ser at responsen er god, seier dagleg leiar i Vangsfjøla EB, Thea Søndrol Nickelsen.
Denne våren er det nok ein gong tid for elevbedrifter for 9. klasse ved VBU, og nye grundere og bedriftsideer veks fram i takt med ei bratt læringskurve. For Vangsfjøla EB har gründerideen vist seg å vera veldig populær blant befolkningen i Vang.
- No er vi utsolgt for fjerde og aller siste gong. Dessverre har me ikkje tid til å produsere meir, sjølv om mange har sendt melding og hatt eit ønske om å bestille, seier Søndrol Nickelsen.
Vangsfjøla EB produserer skjærefjøler med eigen logo og brødpose, eksklusivt sydd i lin.
- Det har vore skikkelig artig å få vera kreative og få lov til å bruke Jokerspace til å produsere fjølene, avsluttar ho.
Rei Zogaj og Benas Judenis viser stolt fram Vangsfjøla og tilhøyrande brødpose i lin.
Vangsfjøla EB sine ansatte er:
Dagleg leiar og økonomiansvarlig - Thea Nickelsen.
Produksjonsansvarleg - Rei Zogaj
Markedsfører - Benas Judenis
Salg - Leah Thune Skeie
Produserar sunt godteri til din firbeinte venn!
Sunt og godt hundegodt EB produserar riktig nok som navnet tilseier - sunt hundegodteri!
- Alle i bedriften har hund og er godt kjent med at dei er veldig glad i snacks. Difor kom ideen om å lage ein litt sunnare variant av godbiter, seier Malin Aastad Kjøs, økonomi og markedsansvarlig.
- Ingen av oss hadde noko kjennskap til korleis me skulle gå fram for å produsere, og kva oppskrifta skulle bestå av, så me har googla ein del for å finne den beste oppskriften, smiler Audun Heggom, dagleg leiar.
Og suksessoppskriften til Sunt og godt hundegodt EB er kveitemjøl, leverpostei, egg, olje og gulrot.
- Det som har vore viktig å tenkje på er at hundene tåler alle ingrediensene, og at det smakar godt for dei. Så, me har jo sjølvsagt testa og dei falt i god smak, ler Aastad Kjøs.
Vebjørn Høyme Havro, Victor Jevne Havro, Audun Heggom og Malin Aastad Kjøs er fornøyd med dagens produksjon av godbiter.
Sunt og godt hundegodt EB sine ansatte er:
Dagleg leiar - Audun Heggom
Økonomi og marked - Malin Aastad Kjøs
Produksjonsansvarelg - Victor Jevne Havro
Produksjonsansvaleg - Vebjørn Høyme Havro
Sal og marknadsføring - Emilia Bøe
Knasande gode flak frå Vang!
Vangsgull EB produserar potetgull i forskjellige smaker. Og med sin knusende og knasende gode ide, har de solgt mange poser Vangsgull allereie!
- Vi var utruleg usikre på kva vi hadde lyst til at bedriften vår skulle vera, men ein ting visste me heilt sikkert, og det var at me hadde lyst til å lage noko spiselig, seier Malin Granlund Jevne, daglig leiar og økonomiansvarlig.
- Og slik oppstå eigentleg ideen om å lage potetgull med lokale poteter, legg ho til.
Og som veldig mange andre har også gjengen i Vangsgull EB best erfaring frå å ete potetgull, og ikkje nødvendigvis produsere det.
- Det vart ein del søking på det store internett for å sjekke om me fant gode oppskrifter og framgangsmåter. Ein viktig suksessfaktor i potetgull er jo tynne flak, så der har rivjern vore ein god hjelp, seier Frida Hippe Lunde, markedsansvarlig.
Vangsgull får ein kjøpt i tre forskjellige smaker; salt, gastromat og pommes frites krydder.
Frida Hippe Lunde, Malin Granlund Jevne, Tobias Lokreim og Emil Fjeld på plass på kjøkkenet der produksjonen av Vangsgull foregår.
Vangsgull EB sine ansatte er:
Dagleg leiar og økonomiansvarleg - Malin Granlund Jevne
Markedsansvarleg - Frida Hippe Lunde
Produksjonsansvarelg - Tobias Lokreim-Poulsson
Salg - Emil Fjeld Ødegård
Hjernetrim for kvasse Vangsgjeldinger!
Hjernetrim og tankespinn står i fokus for bedriften Brain Teaserz EB. Dei har laga eit heilt eiget spel med fire forskjellige vanskelighetsgrader for både barn og dei kvasseste knivene i skuffen!
- Me har allereie solgt ein del spel og fått gode tilbakemeldingar på at det er både artig og utfordrande, smiler Lene Berge, dagleg leiar.
Bran Teaserz EB består av eit brett, med fire forskjellige spel. Vanskelighetsgraden går frå barn, vanskelig, litt vanskelig og umulig. Til alle spel følgjer det med eigensydd pose til å ha brikkene i.
- Spillet som er umulig har ikkje vi fått til ein gong, sjølv om vi har laga den. Så, den er hard å bryne seg på, ler Berge.
Ho fortel at det har vore artig å få lov til å jobbe kreativt og å få skape noko sjølv. Til å frese ut brikker og spillplate har dei brukt Jockerspace Ryfoss!
Lene Berge, Josely Marie Petersen, Halvor Kattevold Marken Svien, Wakin Kattevold i full sving med produksjon.
Brain Teaserz EB sine ansatte er:
Dagleg leiar - Lene Berge
Salg og markedsføring - Josslyn Marie Petersen
Produksjonsansvarleg - Halvor Kattevold Marken Svien
Salg og markedsføring - Wakim Kattevold
Økonomiansvarlig - Helmer Lystadt