Så er det eit nytt år i Vang, med mange nye moglegheiter og gode minner i vente! Me starter kanskje ikkje året akkurat slik me hadde håpa eller sett for uss, men me vangsgjeldinger har vel sjeldant gitt opp av den grunn?
Dei fleste går det nye året i møte med restriksjoner, testing, heimekontor, mindre sosialt og ingen fritidsaktivitar. Det kan vera tøft, sjølv for den mest positive! Difor er det viktig å hugse på at dette fyrst og fremst ikkje varer for alltid - og at det fortsatt er mykje positivt ein kan fylle kvardagen med!
Nedanfor er nokre forslag til kva du kan fylle tida med i desse dager!
- Snøen har forsiktig lagt seg i Vang - ta deg ein skitur i nypreppa løyper med fantastisk utsikt. Har du nokre riksdaler til overs, kan det vere ekstra triveleg å gje eit løypebidrag.
- Tyin-Filefjell har nyst opna alpinbakken - kva med nokre oppturar og nedfarter her?
- Kvar ein fjelltopp i Vang er magisk i vinterhalvåret. Heldige er me som kan spasere inn i Jotunheimen ein vanleg tirsdag!
- Trugetur med nokre vener, eller kanskje med ein firbeint kamerat? Dei fleste bygdefjella er lett tilgjengeleg, og gir deg herleg utsikt.
- Nyleg ordna ein framifrå gjeng skøytebane i ballbingen i Ryfoss! Her er det berre å måke bana og få på seg skeisene. Artig for både store og små!
- Badstufeberen i Vang er snart like høg som fjelltindene her i bygda. Ta deg ein avslappende tur i badstua og nyt roen som senker seg.
- Ta med deg familien på leik og lunsj i ein av gapahukene i Vang. La barna leike seg i snøen, medan du nyt ein kaffekopp og frisk luft.
Desse tråkige tider rammer også bedrifter og næringen i Vang. Det er difor viktig å hugse på å handle lokalt og bruke dei lokale aktørane me har her i bygda! Du finn ei oversikt over dei fleste bedrifter i Vang på sida vår.
Ellers handlar det om å sjå dei rundt oss og passe på kvarandre, både dei me har omkring uss og dei me kanskje ikkje ser så ofte.
Så krysser me fingre for at det vanlege liv snart opnar opp att, men enn så lenge står Vangsnaturen alltid med opne armer!