Tre versjonar av t-skjorter med vangsmotiv er no ute i ein butikk nær deg!
- T-skjorter er stilig og Vang er endå stiligare - enkelt og greitt ein god marknadsføringskombinasjon, summerar styreleiar for Innovangsjon, Torstein Lerhol.
Han har alliert seg med fleire butikkar og bensinstasjonar i Vang, så neste gong du skal handle bensin eller mat er det gode sjanser for at du også kan plukke med deg ei knakande fin t-skjorte.