Konsertar, forfattarbesøk og ei rekke kurs - velkomen til nok ein innhaldsrik vårsesong på biblioteket og frivilligsentralen i Vang.
Vi startar med klassisk gitarkonsert med Oddbjørn Skeie og Trond Davidsen, og musikk blir det også på morsmålsdagen, då med marokkanske Aissa Tobi, fortel dagleg leiar ved Vang Frivilligsentral, Marte Tangen.
Forfattar Kjartan Fløgstad blir bokabada av Kirsten Baggethun og Christian Schlüter som har skrive 'Mord på Valdresbanen', og barnebokforfattar Randi Fuglehaug kjem på besøk.
- Vi får også presentert historia om 'Valdresgutter i Tysklandsbrigaden' med Kristian Bergsund og Bjørn Stendebakken, fortel Tangen.
Vinjerock heile året
To utstillingar synast fram i galleriet denne våren - ei med strikke- og hekleprosjekt av kreative vangsdamer, og ei fotoutstilling signert Sven Richard Møller. I høve førstnemnte blir det både strikke- og heklekurs med henhaldsvis Marit Gjærdingen og Mariann Svingen.-
– Vi arrangerer også eit reparasjonskurs i samarbeid med «Vinjerock året rundt», der Marit og Randi Ødegården lærer bort korleis du kan reparere turklede og turutstyr, samt kurs for dei som vil bli frivillige aktivitetsvener for personar med demens eller kognitive sjukdomar, fortel Tangen.
Våren avsluttast med sykkelmekkekveld og fleirkulturell vårfest, som vi har hatt gode opplevingar med tidlegare år.
Du kan laste ned programmet på frivilligsentralen og biblioteket sine nettsider.
Alle arrangement er gratis og ope for alle - velkomen skal de vere!