Eit heidundranes program er no spikra for våren i Vang. Anten du er glad i brettspell, engasjert i hyttebygging eller vil delta på årets Sommarles - her er mang ein godbit både for liten og stor!
Fyll på med kultur!
Denne våren er det mange moglegheiter for å fylle på kultur-lagrene. Blant anna kjem Bokfinkene og fortel om islandsk litteratur og gjer bort sine beste lesetips.
Levi Henriksen besøker Lesesirkelen og det lokale historielaget byr på foredrag om Saltvegen over Filefjell med Ragnar Eltun. Og er du i det musikalske hjørnet, bør du få med eg Lystrup trio som spelar konsert på biblioteket 8. mai!
Frivilligheita skal verkeleg hyllest når Frivilligmarked i Vangshallen arrangeres for aller fyrste gong! Her vil lag og foreninger i heile Vang ha stand, og du vil få moglegheit til å teste nokre av aktivitetene. Det blir lett servering, god stemning og mykje flotte stands.
Ellers er det mange meir eller mindre faste aktivitetar på planen denne våren, her gjeld det å følgje med framover. Blant anna er det strikkekafé, lesesirkel, middagsservering på Storplogen og skulestartarklubb.
Alle aktiviteter på vårprogrammet finn du på vår aktivitetskalender, eller last ned heile programmet her!